Åpne hovedmenyen
På fjellet

av Kristofer Janson


Hu hei! kor er det vel friskt og lett

uppå fjellet!

her leikar vinden i kåte sprett

uppå fjellet!

og foten dansar, og augat lær,
og hjartat kveikjande hugnad fær

uppå fjellet!


Kom upp! kom upp frå den tronge dal

uppå fjellet!

her bles ein blåster so frisk og sval

uppå fjellet!

og lidi skin utav blomar full,
og soli drys alt sitt fagre gull

uppå fjellet!


I dalen starvar du tung og heit,

kom på fjellet!

kor fint her er, inkje nokon veit,

her på fjellet!

dit auga flyg yver nut og tind,

det er som flyg det i himlen inn

uppå fjellet!


Og når no soli til kvila gjeng

attum fjellet,

då reida skuggane upp si seng

attmed fjellet,

då giddrar alt i ein strålestraum,
og hjartat sveiper seg inn i draum

uppå fjellet!




Denne utgåva henta or Ja vi elsker. Norge i dikt, Redaktør: Dr. phil. Rolv Thesen. J.W. Cappelens forlag, 1941.