Prøver af Landsmaalet i Norge/40. Um Dikting

39. Eit Innstig Prøver af Landsmaalet i Norge
40. Um dikting
av Ivar Aasen
41. Um Storlæte


UM DIKTING


Da er mange, som segja, at ein Fortelnad, som er berre diktad, er ein falsk og faanyttug Ting og skulde aldri voret skriven elder prentad. Dei ottast fyre, at da er berre Grillor og Yrkjeløysa, som avlar slikt, og at faatenkte Folk verta narrade av di og tru, at da er sant altsaman. Dei meina da og, at ærlege Folk maa hava so stor Vyrdnad fyre Sanningi, at dei inkje gera seg nokor Skemting av slika Sogor, som er logna og utruande. Dan Meiningen kann vera rett nog i seg sjølv; men ein skal gera Skilnad paa dei Tilfelli, daa da er naudsynlegt aa hava eit sant og truverdugt Vitnesmaal, og paa dei Tilfelli, daa da inkje er naudsynlegt. Naar ein skal fortelja nokot fyre Aalvore um ein kend og namngiven Mann, so skal ein fortelja da sannaste, som ein veit, og inkje nokot annat; legg ein daa nokot attaat, so gerer ein Urett, anten da so er til Skade elder Bate fyre dan, som da er sagt um. Og naar ein skal fortelja nokot fyre Aalvore um ein Tilburd elder eit Hendelse paa ei viss Tid og paa ein kend og namngiven Stad, so hev ein helder inkje Lov til aa segja annat en da, som sant er. Men naar ein berre vil fortelja um eit Huglynde elder ein Tenkjemaate, ei Vis elder Sed, som er brukeleg einkvarstad, elder nokot slikt, daa er da inkje naudsynlegt aa halda seg til Folk, som ein ser elder kenner, og daa kann ein gerne setja fram Folk, som inkje er til, og giva dei Namn og tala um dei, som da var kende Folk. Og like eins er da, naar ein berre vil fortelja eit Hendelse anten fyre Moro Skuld elder til Upplysnad um einkvar Lærdomen; daa maa ein og hava Lov til aa lata Tanken spela fritt og inkje binda han til da, som heve hendt ein Gong paa ein einaste Stad. Fyre daa er da inkje nokot Vitnesmaal um ein Ting, som Forteljaren sjølv heve set elder høyrt; men da er berre ei Utgreiding av ein Tanke, som han heve havt; da er inkje Mannen elder Folket, som da geng ut paa, men da er Huglyndet elder Aatferdi elder Livemaaten, anten han so kann vera lovande elder lastande. Da er berre faakunnuge Folk, som tru, at eit Dikt skal endelege handla um Diktaren sjølv elder Kenningarne hans, og som alltid spyrja etter, kven han heve meint med dei og dei Namni, som han heve brukat. Fyre da er ingi Torv til, at han skal berre fortelja Slarv og Drøsor um Kenningarne sine elder um slika Smaa-Slysnor, som kann hava hendt i Grendi.

Naar ein Maalar skal tekna eit Tre, som stend paa ein uppnemnd elder utvald Stad, so teknar han da so, som han ser da fyre seg, og freistar paa te faa da so likt, som han kann; men naar han berre skal tekna eit Tre i aalmenneleg Meining, so bryr han seg inkje med aa sjaa paa nokot Tre, fyre daa kann han laga da etter sin eigen Hug. Og naar han skal tekna eit Berg, som han ser fyre seg, daa strævar han og paa, at Tekningi kann verta so lik sjølve Tingen, som mogelegt er. Men naar han skal tekna eit Landskap elder giva ei Vitring um kor Landet ser ut fyre meste Parten, daa bryr han seg inkje med aa tekna ein einleg Flekk av Landet; men han tæk eit Berg og ein Skog elder ein Dal og eit Vatn og nokot av kvart Slag, so som da jamnaste ser ut, og da set han ihop i ein høveleg Skipnad paa ei einaste Tavla. Daa kann ein inkje segja, at dan Jordflekken ligg her nordanfyre elder her sunnanfyre; men ein kann segja, at han ligg paa mange Stader, elder at sumt ligg paa ein Stad og sumt paa ein annan. Like eins er da med ein Fortelnad, som er diktad um Folkeseder og Folkeskipnad. Han kann tala um ei Slægt, ein Huslyd elder eit Sellskap, som inkje er til i Røyndi, men som godt kunde vera til og finnast paa mange Stader. Han kann tala um eit Fylgje av Tilburdar elder Hendelse, som inkje hava hendt paa ein einleg Stad elder ei einleg Tid, men som kann hava hendt paa ymise Stader og paa ymisa Tider. Daa er da berre eit Hopelag av upptenkte Folk og tenkjelege elder mogelege Tilburdar, som er sankade fraa ymisa Sidor og uppsette i eit tekkjelegt Samhøve, fyre di at dar skal vera meir Moro og meir Lærdom i da. Og daa kann ein inkje segja, at da er han Per elder han Paal, som er meint med di; fyre daa kann da henda, at Fortelnaden kann høva til mange Folk, som Forteljaren aldri heve kent elder høyrt eit einaste Ord um.

Slike Fortelnadar kann da røynelege vera myket Gagn i, naar dei er godt ihopkomne og høva til si Tid og sin Stad. Dei kann visa oss mange Mishøve, som trenga til Umbot; dei kann lasta og snerta paa mange Uvanar og Misdomar og falske Meiningar, som er myket aalgengde; dei kann giva Døme paa Klokskap og Godvilje, og vekkja Hug til Betring og Framgang i mange Maatar. So kann dei tena til Upplysnad og Vitring um ymise Tenkjemaatar og Seder, elder um ymise Stand og Samvære i Livet, som ein inkje ellest hadde Tilgang til aa kenna; og da er altsaman til Nytte, som kann auka Kunnskapen og giva Saali eit større og vidare Synsmaal. Og so er da dan store Dygdi med ein slik Fortelnad, at ein kann høyra og lesa han berre fyre Moro Skuld og endaa hava Lærdom av honom. Ein kann hava baade Gagn og Gaman paa ein Gong. Da er godt aa hava Lærdomen framsett i aalvorsame Raad og Fyretolor; men da er ogso godt aa hava han framsett i Fortelnad um vekkjelege Tilburdar og morosame Tilhøve; fyre daa er Folk fusare til aa høyra paa og verta inkje so snart leide. Da er eit Ord, som var kent fyre mange hundrad Aar sidan, at «han raakar Maalet best, som Gagnet med Moro kann mengja». Og me hava so mange Døme paa, at endaa slike Menner, som hava skrivet Bøker um Kristendomen og da andelege Livet, hava inkje forsmaatt aa dikta Fortelnadar elder Sogor, som dei kunde setja Lærdomen sin inn i; og da er inkje tvilande paa, at dei gjorde god Verknad med di, like so væl som med sine andre Talar og Fyreteljingar.

Men da er inkje helder avgjort, at alt da, som er fortalt og skrivet, skal endelege vera til eit Gagn, som alle kann sjaa med da same. Mannen er no eingong so skapad, at han treng til nokot annat en berre Aalvore i Livet. Aalvoret plar jamnaste koma av sjølvo seg, og ein plar faa nog av da Slaget, anten ein leitar etter da elder ei. Da kann ofto henda, at Mannen treng til nokot, som kann letta og friska Hugen; da vil ofto henda, at han leitar etter Gaman og Skemting, og daa er da væl, um han kann finna slika Skemtingar, som er ingen Mann til Skade. Daa kann ein segja, at dan Lesnaden, som er til Gaman, er ogso til Gagn, naar han kann gera so myket, at Hugen kviknar, og Tankarne faa eit nytt Liv. Dar er, til Prøve, ein Stevleik, som heiter «Fjell-Æventyret», som er væl kend og vide kend her i Landet; da er vandugt aa segja, kva Gagn elder kva Lærdom, som kann vera i da Stykket; men vist er da, at baade kunnuge og ukunnuge Folk hava voret fegne av di og tykt, at da var stor Mun og Moro i da. Og naar ei Bok heve dan Verknaden, so kann ein aldri segja, at ho er gagnlaus.

Her hava me talat berre um slike Fortelnadar, som ganga ut paa nokot, som er mogelegt og røynelegt i Verdi; men dar finst ogso manga Sogor um slike Tankeskapnadar og Tilburdar, som Mannen inkje kann sjaa elder merka i då røynelege Livet. Mest alle Folkeslag og Landslydar hava fraa fyrste Tidi havt ei stor Mengd av Runesogor og Vettesogor; dei hava diktat Kempesogor og Dyresogor; dei hava gjort fagra Visor um slike Tilburdar, som ganga yver alt da, som naturlegt og mogelegt er. Og Sogorna og Visorna hava genget fraa Mann til Mann, fraa dan eine Samaldren til dan andre, og Folk finna Mun og Moro i dei endaa som fyrr, um dei endaa inkje tru, at da heve genget til røynelege so, som Sogorna lyda. Slika Sogor skulde ein tru, maatte vera faanyttuga og litet verda te minnast; men naar alt er væl ettertenkt, so kann henda, dei er inkje so reint gagnlausa endaa. Me vil berre nemna, at dei kann vera til stor Upplysnad fyre dan, som vil skoda Aalmennings Hugen og likna dan eine Landslyden med dan andre. Og darnæst vil me minna paa da, som sagt er, at da, som giv Gaman og ingen Skade, da gerer daa alltid da Gagnet, um da inkje gerer annat. Ein skal inkje halda Tanken so fast og bunden, at han ei maa faa Lov til aa gera seg ein liten Sving ut um Kvardagslivet og burt i ein annan Heim. Da er meste Parten av Folket som liver i eit snævt og litet Rom; da er litet, som Mannen ser fyre seg, og da litle, som han ser, er inkje alltid av huglegaste Slaget. Men han heve ein Hug, som vil ganga vidare, en som Augat ser, og dan Hugen er alltid sterk nog til aa slita seg ut or dei tronge Bandi, som halda han fast paa Flekken. Og difyre fylgjer han so gerne med Diktaren, naar han læt Hugen leika og spela ut igjenom dan endelause Verdi og setja Liv og Rørelse rundt ikring seg i audslege og ukjende Heimar. Men daa vil da gelda um, at Diktaren heve nokot te fortelja, som er verdt aa lyda paa, og at han veit aa fortelja da med da rette Liv og Lag, som høver til Aalmennings Hugen.