Prøver af Landsmaalet i Norge/48. Barne-Minne

47. Hus-Livet Prøver af Landsmaalet i Norge
48. Barne-Minne[1]
av Ivar Aasen


Naar Sjukdom kem med manga saara Rider[2]
og køler Varmen, som i Aadrom skrider;
naar Helso verter skjerr[3] og flyg sin Veg,
kvar Gong at Vaardags-Vedret vender seg;
naar Verken inkje berr’ i Kroppen flagar
men ogso paa dat fallne Modet gnagar,
og Rygd[4] og Ræddhug slær med Verken Lag,
so Hugen rys og kvekk med kvart eit Slag,
endaa han undergiven stødt maa strida,
alt med ei vesall Von um Liv mun bida:
daa døyvest Verken tidt, naar Minnet vil
slaa ut sin Ljosstrøym i dat myrke Bil
og um dei gengne glade Dagar mæla,[5]
daa Elsk og Venleik var ei Himmels Sæla,
og tekna blide Barneheimen av
med all dan Leik og Lyst, han alltid gav.
Som Morgonsoli gjenom Vindsky-Flokar
kem fram og lyser i dei myrke Krokar,
straar Gull paa Doggi fraa sin Straalekoll
og blinkar dimt ut paa dan vaate Voll:
so mot mi Framtid, mot dei Dagar svarte,
skyt Minnes-Soli sine Straalar bjarte.
Vist er ho inkje meir som fyrr so klaar,
daa skin ho langt att paa dei fyrste Aar;
og Fred fær Hugen, naar han dit kann flya
og røra gamla Tider med dei nya.

(Etter Byron)

  1. Fra Engelsk, efter Byron. Stykket indeholder kun Begyndelsen af et Digt, kaldet “Childish recollections,” og er temmelig frit oversat.
  2. Angreb.
  3. sky.
  4. Skæk, Rædsel. “slær lag med,” d.v.s. slutter sig til.
  5. tale.