Ramus va den som braut veg for renaissancen. Han va ein hjartego mann, skarptenkt, ret-tenkjande aa ærleg, — ei pryd for vitenskapen aa for manneætta. Han va fød i Frankrike fyrstundes i det sekstande hundra-aare. Far hans va ein fatig jorbrytar som sat i so smaa kaar at han knapt kunne føe guten sin, so den vesle Pierre laut tileg uti verda; men han vart korkje vonlaus eller raalaus for det. 8 aar gamal diltra han av til Paris aaleine. Men smal-hans dreiv han snart derifraa. Han snudde heimatt aa tok seg tenest hjaa ein lærd mann som han tente trufast om dagen. Men natta brukte han til lesing.

Det va mest gamle lærde bøker han her fek tak i. Aa av aa til i fristundene fek han gaa høyre paa ein bisp som helt fyrelesing over filosofi. Det va nye store aa forunderleg invikla tanka vesle Per fek høyre der. Sjøle maatte ein gjere seg sin dom aa sin meining om kvar ting, aa finne sanninga jenom fyljerette tankeslutninga (deduktiv tenkjing), det va vegen til den sanne kunskap, meinte bispen. Aa vesle Per høyrde paa aa gjøymde ora i hjarte sit; aa dei vart til rettesnor for heile hans utvikling. Han tok inga gamal læresetning go nok, uta han vog aa granska kvar ting, aa det vart hans livs maal aa kvitte seg for alle fordoma aa alt ingrot skjeivsyn.

21 aar gamal helt han ein magistratdesputas so sjølve sensorane laut bisne aa laate væl, endaa han tok paa sjølve Aristoteles-skulen.

Seinare dreiv han paa med fyrelesinga for kvarmann, aa kom daa meir aa meir i stri med den gamle tenkemaaten som han snudde op ne paa for aa faa rom for nyt syn aa nye tanka. Men daa va det ute med han.

Daa han sende fyrelesingane sine til prentings for aa kunne spreie dei ut millom folk, va det teologiske fakultete om seg aa fek forbo istand mot bøkene hans. Ja dei truga med aa gjere ende paa han; men det vart ikkje. Derimot forbau dei han aa snakke i offentleg forsamling.

»Heile universitete leika med meg aa spotta meg, aa dei dømde meg ein uvitande, skamlaus staakmakar aa bakvaskar aa vere. Dei brende so munn aa tunge paa meg, at eg ikkje hev lov aa lese eller skrive noko korkje for meg sjøl eller andre«, skriv han.

Under Henrik II fek han det betre, aa arbeidde daa trottigt. Men so kom bartolomæusdagane. Ramus vart snikdrepen. Dei tok pengane hans, stak kaara jenom like aa slengde det ut paa gata. Lærara aa skuleguta reiv involane hans ut aa drog like kring gatene, trakka paa det aa spende det aa skamflengde det paa dei verste maata.

Slik ende fek denne store forvaaga tenkjaren; ein av dei beste i arbeie for aandsfridom.

Det som Ramus gjore i vitenskapen kan liknas med det som Lutter aa Calvin gjore i religionen. Han vaaga seg til aa kaste den gamle tankegrinda som skolastiken ha sett op. Han vaaga aa lære, at vite aa fornufta va den einaste fullgyllige rettesnor for ret aa sanning. Fraa moldtræls vilkaar aa moldtræls tanka arbeidde han seg fram til nye usedde synsvidder paa aandens høgder. Han hadde mot til aa legge desse synsvidder aapne for kvarmans syn. Aa han va aalvorsam nok til aa setje sanninga høgre enn seg sjøl. — Inkje under at løna vart som ho vart.