Rikets tilstand 2001

MELDING FRÅ KONGEN
TIL STORTINGET
OM NOREGS RIKES TILSTAND OG STYRING
I TIDA ETTER SISTE MELDING
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gjev Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Ein samla verdsopinion har fordømt dei grufulle terrorangrepa mot USA. USA har fått massiv og eintydig støtte. Tryggingsrådet i FN har heilt klart slått fast at USA har rett til individuelt og kollektivt sjølvforsvar. NATO ser på angrepet mot USA som eit angrep mot alle allierte, dersom det blir klarlagt at angrepet kom utanfrå. Regjeringa stiller seg fullt og heilt bak vedtaka i FN og NATO.

Noreg støttar aktivt opp om arbeidet med å byggje ein brei internasjonal koalisjon mot terrorisme. Denne kampen kan berre vinnast gjennom eit breitt sett av verkemiddel. Najonalt har Regjeringa teke dei steg som er nødvendige for å verne norske borgarar og sikre norsk territorium.

Regjeringa ser det som ei viktig oppgåve for norsk utanrikspolitikk å medverke til at globaliseringa får eit innhald og blir styrt slik at verdssamfunnet blir betre organisert og meir rettferdig. Regjeringa har sett i gang ei utgreiing av verknadene av globaliseringa og moglege tiltak for å motverke negative verknader av internasjonale marknadskrefter.

Noreg har vore ein pådrivar for å verkeleggjere dei måla som er nedfelte i FNs tusenårserklæring der kampen mot fattigdom er ein leietråd. Noreg har aktivt støtta reformarbeidet til Generalsekretæren.

Noregs toårsperiode i Tryggingsrådet i FN frå januar 2001 gjev oss eit eineståande høve til å spele ei framskoten rolle i internasjonal politikk. Regjeringa har derfor gjeve dette arbeidet svært høg prioritet. Frå norsk side er det særleg lagt vekt på å styrkje FNs evne til å førebyggje og løyse dei mange og vanskelege konfliktane som verdssamfunnet i dag står overfor.

EØS-avtala er framleis ankerfestet i Noregs forhold til Den europeiske unionen, samtidig som vi har teke del i dei nye samarbeidsprosessane innanfor EU. Vi har også teke medansvar for utviklinga i Europa.

Regjeringa støttar den planlagde utvidinga av EU, og det er vedteke ein handlingsplan for å hjelpe søkjarlanda med å førebu seg på EU- og EØS-medlemskap.

Noreg har aktivt medverka til å tilpasse NATO-alliansen til endra tryggingspolitiske rammevilkår. Kampen mot internasjonal terrorisme er ein viktig del av oppgåvene til NATO. Regjeringa støttar utviklinga av ein eigen europeisk forsvars- og tryggingspolitisk identitet gjennom ESDP-samarbeidet. Regjeringa ser dette som eit bidrag til å styrkje NATO og å oppnå ei meir balansert fordeling av byrder og oppgåver mellom USA og Europa. Det er opna for ei konstruktiv utvikling i forholdet mellom NATO og Russland.

Noreg har saman med allierte og partnarland arbeidd for for å tryggje stabiliteten og ei demokratisk utvikling på Balkan. Noreg overtok i april i år kommandoen over KFOR-styrken frå NATO i Kosovo for ein periode på seks månader.

Regjeringa har teke aktivt del i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) for å styrkje det internasjonale handelssystemet og sikre rettferdige internasjonale konkurransevilkår. Regjeringa har vore med i dei forhandlingane om landbruk og tenester som har pågått, og har arbeidd for å leggje grunnlaget for ei ny, brei forhandlingsrunde i WTO, som særleg kan ta vare på interessene til utviklingslanda og dei små landa.

Regjeringa har gjeve utviklingssamarbeidet høg prioritet. Bistandsbudsjettet er auka med 1,5 milliardar kroner frå 2000 til 2001.

Regjeringa har lagt fram for Stortinget nye retningslinjer for den økonomiske politikken. Regjeringa legg opp til ein jamn og forsvarleg bruk av oljeinntektene i åra framover i norsk økonomi, om lag i takt med realavkastninga som ein reknar med Petroleumsfondet vil få. Samtidig vart det fastsett nye retningslinjer for pengepolitikken.

Noregs Bank har halde styringsrenta uendra på 7,0 pst. sidan september i fjor. Kroneverdien har styrka seg noko målt mot valutaene til handelspartnarane våre.

Det er god og stabil utvikling på arbeidsmarknaden. Sysselsettinga har aldri vore lågare enn no. Talet på arbeidsledige var i august nede på 2,5 pst. sesongjustert.

I langtidsprogrammet til Regjeringa for 2002–2005, som vart lagt fram i mars i år, vart det peikt på at arbeidskraft er den viktigaste ressursen landet har, og at det er ei hovudutfordring framover å leggje tilhøva best mogleg til rette for at flest mogleg får utnytta arbeidsevna si.

Verdien av olje- og gasseksporten auka i fjor med 93 pst. i høve til året før. Hovudgrunnen til denne auken er høgare oljepris.

Stortinget vedtok i desember 2000 at det skulle innførast generell meirverdiavgiftsplikt på omsetning av tenester frå 1. juli 2001. Det inneber at alle tenester til liks med varer no er avgiftspliktige, med mindre det er gjort unntak i meirverdiavgiftslova. Det er gjort fleire unntak i lova. Finansdepartementet har fastsett fleire forskrifter som regulerer desse unntaka nærare.

Programmet for fornying av offentleg sektor har stått sentralt i arbeidet til Regjeringa.

Stortinget har i hovudsak slutta seg til framlegget frå Regjeringa om omlegging av Forsvaret i perioden 2002–2005.

Justisdepartementet og justissektoren gjennomgår for tida store omorganiseringar. Då stortingsmeldinga om førsteinstansdomstolane i framtida vart behandla, vart det vedteke å redusere talet på domstolar i første instans frå 92 til 66. Gjennom lovframlegg er det vedteke å opprette ein eigen domstolsadministrasjon i Trondheim. Som ei følje av behandlinga av stortingsmeldinga om politireforma er det vedteke at talet på politidistrikt skal reduserast frå 54 til 27.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om ei kvalitetsreform av høgare utdanning. Det vart gjort framlegg om eit nytt finansieringssystem, styrkt leiing ved institusjonane, ny gradsstruktur og større fullmakter til universiteta og høgskolane som verkemiddel for at studentane skal lykkast i studiane sine. Regjeringa har òg foreslått eit kraftig løft i studiefinansieringa.

Stortinget har vedteke lov om helseføretak som gjev lovgrunnlag for statleg eigarskap til dei offentlege verksemdene i spesialisthelsetenesta.

Fem regionale helseføretak, som er dei berande einingane i sjukehusreforma, er oppretta.

Regjeringa har fremja ei stortingsmelding om ei betre fordeling av oppgåver mellom kommune, fylke og stat.

Den relle veksten i inntektene i kommunesektoren i år 2001 blir rekna til 2 pst. eller om lag 4,5 milliardar kroner. Kommunesektoren har fått større inntekter dei siste åra. Aktivitetsveksten har vore særleg sterk innanfor helse- og eldreomsorg.

Regjeringa har følgd opp eldreplanen og samtidig fått auka rammene for nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustader.

Fastlegeordninga vart innført 1. juni 2001.

Regjeringa la i juni fram ei stortingsmelding om norsk klimapolitikk. Meldinga inneheld framlegg til verkemiddel og tiltak for korleis Noreg skal oppfylle forpliktingane sine under Klimakonvensjonen og Kyoto-protokollen.

Regjeringa auka statstilskottet til barnehager i budsjettet for 2001 og auka det ytterlegare i Revidert nasjonalbudsjett. Det har alt ført til vesentleg lågare foreldrebetaling i ei rekkje kommunar.

«Den kulturelle skolesekken» vart starta opp i 2001. Målet med tiltaket er at på sikt skal alle skolebarn i grunnskolen møte levande musikk, teater og andre kulturytringar – og oppleve møte med fortid og notid i lokalsamfunnet.

*********

Som leiar for komiteen for sanksjonar mot Irak i Tryggingsrådet har Noreg gjort ein stor innsats for å få oppslutning om tiltak som kan betre den humanitære situasjonen i Irak samtidig som kontrollen for å hindre at Irak får masseøydeleggingsvåpen blir halden oppe og effektivisert.

I utviklingssamarbeidet er kampen mot fattigdom styrkt mellom anna gjennom ein eigen handlingsplan. Innsatsen som er retta mot barn, er trappa opp. Regjeringa har aktivt medverka til den framgangen som er gjord internasjonalt for at meir av bistanden blir gjeven utan binding.

Regjeringa legg framleis stor vekt på helse og utdanning i bistandsarbeidet. Samtidig er innsatsen mot hiv/aids trappa kraftig opp. Mobiliseringa som Regjeringa har stått for på dette området, bl.a. gjennom det nyoppretta Forum for aids og utvikling, har fått brei støtte internasjonalt. Regjeringa deltok aktivt i førebuingane og gjennomføringa av FN-konferansen om aids i juni 2001.

Noreg har gjeve det internasjonale arbeidet for å få kontroll over den ulovlege spreiinga av handvåpen og destruksjon av overskottslager høg prioritet. FN-konferansen om handvåpen var eit steg i rett retning, sjølv om ein ikkje kom så langt som Regjeringa ønskte.

Regjeringa har gjeve arbeidet med å fremje menneskerettar og demokrati høg prioritet. Den humanitære innsatsen i Afrika og Midtausten er ført vidare på høgt nivå.

Regjeringa legg stor vekt på å vidareutvikle dei gode transatlantiske sambanda våre. Det er viktig å sjå tilhøvet til Europa og Nord-Amerika i samanheng. Regjeringa har sett i verk arbeidet med ein eigen USA-strategi.

Samarbeidet med Russland er breitt og godt med jamnlege kontaktar på politisk nivå. Som naboar i nord har Noreg og Russland ført vidare samarbeidet om forvaltning av fiskeressursane i Barentshavet. Andre viktige samarbeidsområde er atomtryggleik, miljø, helse og utdanning.

Regjeringa har halde fram engasjementet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og har lagt vekt på å vidareføre innsatsen for å fremje fred, tryggleik og demokrati på Balkan. Den EU-leidde Stabilitetspakta for Søraust-Europa utgjer framleis ei viktig ramme for den norske innsatsen på Balkan.

Regjeringa har ført vidare den sentrale rolla Noreg har i fredsarbeidet i Midtausten og har arbeidd aktivt for å få stansa valdshandlingane. Regjeringa har hatt ein nær dialog med både israelske og palestinske leiarar. Ved å delta i den såkalla Mitchell-komiteen har Noreg arbeidd for å få Israel og palestinske styresmakter tilbake til forhandlingsbordet. Noreg har støtta fredsarbeidet også på det økonomiske planet, dels gjennom bistand til oppbygginga av Det palestinske området og dels som leiar for det internasjonale gjevarlandsarbeidet (AHLC).

Arbeidet med å synleggjere norske holdningar og synspunkt gjennom presse-, informasjons- og kulturtiltak har hatt høg prioritet. Regjeringa har utarbeidd ein handlingsplan for satsing på kulturtiltak som del av utanrikspolitikken for perioden 2001–2005.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 126 milliardar kroner dei første seks månadene i år, mot 93 milliardar kroner på same tid i fjor. Noregs nettofordringar overfor utlandet auka med 80 milliardar kroner frå januar til juni og vart ved utgangen av 1. halvår rekna til 418 milliardar kroner.

Eksport og import av tradisjonelle varer steig kvar for seg med 9,5 og 9,2 pst. dei første seks månadene i år samanlikna med den same perioden i fjor. Handelsbalansen overfor utlandet for Fastlands-Noreg viste dermed eit underskott på 32 milliardar kroner i første halvår i år, mot 30 milliardar kroner første halvår i fjor. Overskottet på handelsbalansen overfor utlandet steig dermed frå 91 milliardar til 118 milliardar kroner i første halvår i år.

Verdien av olje- og gasseksporten var i fjor på 306,6 milliardar kroner. Det er ein auke på 93 pst. i forhold til året før, og skuldast først og fremst høgare oljepris. I fjor var eksportprisen per fat råolje i gjennomsnitt 251 kroner mot 141 kroner året før. Dei første seks månadene i år var eksportprisen på råolje 240 kroner per fat i gjennomsnitt. Det er 4,8 pst. høgare enn i den same perioden i fjor.

Eksporten av fisk og fiskevarer er framleis i vekst. I 2000 utgjorde eksportverdien 31,4 milliardar kroner, og av dette kom 13,2 milliardar kroner frå havbruksnæringa.

Ved utgangen av 2000 var verdien av Statens petroleumsfond 386 milliardar kroner. Regjeringa oppretta i januar i år Miljøfondet. Miljøfondet er ein del av Petroleumsfondet, og blir berre investert i bedrifter som tilfredsstiller visse miljøkrav.

Noreg overtok i juni i år formannskapen i FNs Stand-By Forces High Readiness Brigade (SHIRBRIG) for ein periode på tolv månader. SHIRBRIG skal ta hand om fredsbevarande oppgåver ved raskt å setje inn styrkar i eit konfliktområde inntil FN sjølv kan få på plass ein fredsbevarande styrke.

Lov av 20. mars 1998 nr. 10 om førebyggjande tryggleiksteneste tok til å gjelde 1. juli 2001.

Regjeringa har gjennom konkrete prosjekt i trepartssamarbeidet mellom forsvarsdepartementa i Russland, USA og Noreg (Arctic Military Environmental Co-operation, AMEC) vidareført engasjementet sitt i arbeidet med å møte militære miljøutfordringar i nordområda.

Regjeringa har halde fram med å vidareutvikle rammevilkåra på utanlandske marknader gjennom arbeidet i EFTA med tredjelandsavtaler.

Den 25. mars i år gjekk Noreg, saman med dei andre nordiske landa, inn i det operative Schengen-samarbeidet. For å kunne ta del i kampen mot organisert kriminalitet og illegal innvandring i Europa har Noreg har også gått med i det grenseoverskridande politisamarbeidet i Schengen-samarbeidet.

Regjeringa har lagt stor vekt på dei nasjonale, regionale og globale førebuingane til toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg neste år.

Noreg skreiv den 23. mai 2001 under på ei internasjonal avtale, Stockholmsavtala, om forbod mot produksjon, bruk og handel med nokre av dei verste miljøgiftene vi kjenner.

Noreg ratifiserte i mai 2001 Cartagena-protokollen om levande genmodifiserte organismar som eit av dei aller første landa.

Konsumprisindeksen auka med 2,7 pst. frå august 2000 til august 2001. Den gjennomsnittlege veksten i konsumprisindeksen dei åtte første månadene i år var 3,5 pst. samanlikna med same perioden i fjor.

Produksjonen av olje, gass og våtgass var i fjor 243,6 millionar m³ oljeekvivalentar. Det utgjer ein auke på 5,8 pst. i forhold til året før. Produksjonen av olje, inkludert våtgass, auka med 6,5 pst., og gassproduksjonen dei fem første månadene i år er på same nivå som i denne perioden i fjor.

Investeringane i oljesektoren var i fjor på 58 900 millionar kroner, ein nedgang på 11,5 pst. frå året før.

Statoil er no vorte eit delprivatisert selskap der private eig 18,2 pst. Statoil vart børsnotert 18. juni ved Oslo Børs og ved børsen i New York.

Før privatiseringa vart 15 pst. av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) selt til Statoil. Den netto salssummen var 38 600 millionar kroner etter skatt. Det er sett i gang eit arbeid for å selje ytterlegare 6,5 pst. av SDØE til andre oljeselskap.

Det er vidare oppretta eit eige forvaltarselskap for SDØE, Petoro AS. Selskapet er 100 pst. statseigd og vil overta heile forvaltaransvaret for SDØE frå 1. januar 2002. SDØE-eigardelane blir framleis eigde direkte av staten.

Det er også oppretta eit nytt selskap som skal vere operatør for rørtransporten av gass frå Noreg, Gassco AS.

Den 1. juli 2001 vart det vedteke at ordninga med samla avsetning av gass frå norsk kontinentalsokkel via Gassforhandlingsutvalet (GFU) som ei mellombels ordning skal bli avvikla innanfor EØS-området omgåande, og at ordninga skal avviklast permanent frå årsskiftet.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utvikle ein nasjonal strategi for forsking og teknologiutvikling i petroleumssektoren.

Investeringane i elektrisitetsforsyninga var låge også i 2000, om lag 3 800 millionar kroner. I år med normal nedbør reknar Noregs vassdrags- og energidirektorat no med at produksjonen vil vere 118 TWh. I 2000 var produksjonen av elektrisitet 143 TWh, som var ny rekord. Brutto kraftforbruk var 123 TWh, det høgaste forbruket som er målt.

I meldinga om vasskrafta og kraftbalansen som vart lagd fram i april, kom Regjeringa med framlegg som skal gje sikrare energiforsyning. I meldinga foreslo Regjeringa å seie nei til meir vasskraftutbygging i Saltfjellet – Svartisen-området. Det vart lagt fram retningslinjer for dei kommande vasskraftsakene.

Regjeringa held fram arbeidet med å leggje om energibruken og -produksjonen. I juni 2001 vart Enova SF stifta.

I juni 2001 presenterte Regjeringa den tredje versjonen av eNorge-planen.

Som ledd i utviklinga av infrastruktur for elektronisk kommunikasjon vart det i oktober 2000 lagt fram ein handlingsplan for breibandskommunikasjon. Planen blir no følgd opp.

Regjeringa har i aukande grad sett utvikling av norsk innhald på Internett i fokus, og det er lagt fram ein offensiv strategi for eksport og internasjonalisering av IKT-næringa.

Lov om elektronisk signatur, som tok til å gjelde 1. juli 2001, har som formål å leggje til rette for sikker og effektiv bruk av elektroniske signaturar.

eRegelprosjektet har som mål å fjerne alle rettslege hindringar for elektronisk kommunikasjon. Regjeringa la i august 2001 fram ein samleproposisjon for Stortinget der alle departementa presenterte arbeid og endringar innanfor sine regelområde.

Telenor ASA er delprivatisert og styrkt med tilførsel av ny eigenkapital ved børsnoteringa 4. desember 2000. Arcus AS og A/S Olivin er delprivatisert ved at det har komme inn nye industrielle eigarar.

Staten har kjøpt 15 pst. av aksjekapitalen i Eksportfinans.

Det næringsretta verkemiddelapparatet blir utvikla vidare i tråd med dei retningslinjene som vart trekte opp i stortingsmeldinga om statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Det er vedteke å etablere eit statleg investeringsselskap, som saman med private skal skyte inn 5 milliardar kroner til nyskaping i næringslivet.

Den 1. juli 2001 tok eit nytt regelverk for offentlege innkjøp til å gjelde.

I tråd med St.meld. nr. 15 (1999–2000) er det lagt stor vekt på å stimulere verdiskapinga og lønnsemda i reiselivsnæringane. Det er etablert eit rådgjevande forum for reiseliv med brei deltaking frå dei sentrale aktørane som skal styrkje samarbeidet mellom næringane og styresmaktene.

Det har vore ein auke i norskregistrerte skip i handelsflåten på ca. 2 pst. Talet på norske sjøfolk på norske skip som er registrert i Norsk Internasjonalt Skipsregister, har gått ned med 4,3 pst. frå 1999 til 2000. Talet på norske sjøfolk som er tilsette på norske skip registrert i Norsk Ordinært Skipsregister, har gått ned med 2 pst. frå 1999 til 2000. Sjøtransport er den mest miljøvennlege måten å transportere gods på. Sjøtransporten utgjorde 45 pst. av transportarbeidet på fastlandet i 2000.

Regjeringa la i juni 2001 fram ein handlingsplan for auka tryggleik og beredskap langs kysten. Det blir arbeidd vidare med å følgje opp tilrådingane etter rapporten frå Sleipner-kommisjonen, både nasjonalt og internasjonalt.

I fjor auka det innanlandske persontransportarbeidet med 1,1 pst. i høve til 1999. Personbilen stod for om lag 74 pst. av persontransporten. Det samla godstransportarbeidet auka med 1,2 pst. For vegtransporten var auken frå 1999 på 5,3 pst. Vegtrafikkarbeidet auka med 1,6 pst. frå 1999.

Det vart i 2000 brukt 5,9 milliardar kroner til riksveginvesteringar, inklusive bompengar. Til drift og vedlikehald av riksvegar vart det brukt 3,6 milliardar kroner.

Totalt vart det registrert 126 500 nye og brukt-importerte personbilar i 2000. Salet av personbilar auka med 2,2 pst. i 2000 samanlikna med året før. Ved utgangen av 2000 var det registrert 2,3 millionar bilar i Noreg, som er ein auke på 2 pst. frå året før.

Det er gjennomført omfattande støyskjermingstiltak langs veg- og jernbanenettet, slik at færre personar blir utsette for sterk støy. Den lokale og regionale luftforureininga frå vegtrafikken er også redusert som følgje av mindre bruk av piggdekk og strengare krav til kjøretøy og drivstoff.

I 2000 vart 11 662 personar skadde og 341 drepne i vegtrafikken. Det er 37 fleire drepne i 2000 enn i 1999. Det er registrert éin person som har omkomme i luftfartsulykker og 16 passasjerar og 4 tilsette har omkomme i jernbaneulykker i 2000. For å betre tryggleiken arbeider Regjeringa ut frå ein visjon for det langsiktige trafikktryggleiksarbeidet om at ingen skal bli drepen eller livsvarig skadd.

Flytrafikken, målt i talet på passasjerar som har komme og reist over norske lufthamner, synte i 2000 ein nedgang på 2,7 pst. i høve til 1999. Overskottet i Luftfartsverket i 2000 var 428 millionar kroner mot 419 millionar kroner året før. I verksemda til Luftfartsverket, dvs. utanom hovudflyplassen på Gardermoen, vart det i 2000 investert for i alt 636 millionar kroner i flyplassnettet og flysikringstenesta.

Under Jernbaneverket vart det i 2000 brukt 1,2 milliardar kroner til investeringar i linja og 2,7 milliardar kroner til drift og vedlikehald.

Jernbanesektoren har vore utsett for ulykker og driftsproblem med påfølgjande stagnasjon i utviklinga av jernbanetrafikken. Det siste året er det derfor lagt ned eit stort arbeid med å byggje opp att tilliten til jernbanen og etablere eit nytt gjennomgåande tryggleikssystem med ein kultur som sikrar at tryggleikstenkinga heile tida skal stå sentralt i heile sektoren.

Ved behandlinga av stortingsmeldinga om verksemda til NSB BA våren 2001 vart det vedteke å auke innskottskapitalen i NSB BA med 2,1 milliardar kroner for å styrkje den økonomiske stillinga i selskapet.

For å styrkje kollektivtransporten er det opna for fleire ekspressbussløyve i det sentrale Austlandsområdet.

Posten Norge BA hadde i 2000 ei samla omsetning på 13,7 milliardar kroner. Resultatet før skatt var eit underskott på 886 millionar kroner, mellom anna som følgje av ei avsetning på 1,2 milliardar kroner til omstilling og uførepensjon i Posten.

Konkurransen i telemarknaden aukar framleis. Det vart i desember 2000 tildelt fire konsesjonar for mobilkommunikasjonssystem av tredje generasjon (UMTS). Det blir arbeidd med ein totalgjennomgang av regelverket på telesektoren, mellom anna i tilknyting til arbeidet i EU-kommisjonen med revisjon av regelverket innanfor telekommunikasjon.

Med grunnlag i behandlinga i Stortinget av St.meld. nr. 19 (1999–2000) Om norsk landbruk og matproduksjon og jordbruksoppgjeret 2000 vart det i januar 2001 sett i verk eit verdiskapingsprogram for norsk matproduksjon.

I jordbruksforhandlingane mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vart partane samde om ei ny jordbruksavtale. Regjeringa la fram ein proposisjon for Stortinget basert på den inngåtte avtala.

Staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund vart samde om ei ny reindriftsavtale. Innanfor avtala vart det sett av midlar til eit eige verdiskapingsprogram for reindrifta. Programmet skal omfatte alle sider ved reindrifta som kan gje auka verdiskaping i næringa.

I samband med utbrott av munn- og klauvsjuke i Storbritannia og fleire andre land i EU la norske styresmakter ned eit omfattande arbeid for å hindre at smitten kom til Noreg. Fleire sektorstyresmakter var involverte, og ein gjennomgang av saka i ettertid har synt at hendinga gav nyttig erfaring som no blir brukt i det vidare arbeidet med å sikre den gode dyrehelsa vi har i Noreg.

I tråd med den havbrukspolitiske utgreiinga frå Regjeringa er det vedteke justeringar i rammevilkåra som skal leggje til rette for ein balansert struktur og ei balansert utvikling i havbruksnæringa.

Det er vedteke å opne for eksport av vågekval på visse vilkår. Det blir oppretta eit DNA-register for vågekval, og eksporten vil bli avgrensa til land som kan utføre DNA-testing av importerte produkt.

Noreg har i internasjonale forum arbeidd aktivt for ei berekraftig utnytting og forvaltning av ressursane i havet.

Gytebestandane av viktige arter av botnfisk i Barentshavet, medrekna torsk, er låge. Det aukar risikoen for dårleg rekruttering. Det er derfor eit mål å redusere fiskepresset slik at gytebestandane kan vekse. Bestandane av sei og lodde nord for 62o N og norsk vårgytande sild er derimot i god forfatning. Makrellbestanden er i vekst som følgje av felles forvaltningsstrategi mellom Noreg, EU og Færøyane. Situasjonen for bestanden av nordsjøsild har betra seg som følgje av ein fleirårig forvaltningsstrategi som er fastsett av Noreg og EU.

I Nordsjøen er situasjonen for bestandane av botnfisk alvorleg, særleg for torsk. Noreg og EU har redusert totalkvotane for 2001 monaleg. I tillegg har partane inngått eigne avtaler om å forbetre fangstmønsteret i Nordsjøen.

Overfor Kommisjonen for levande marine ressursar i Antarktis har Noreg fått gjennomslag for eit framlegg om å innføre svartelisting som eit tiltak mot ulovleg og ukontrollert fiske i internasjonalt farvatn.

I forhandlingane mellom staten og Norges Fiskarlag hausten 2000 om stønadsmidlar til fiskerinæringa vart dei to avtalepartane einige om ei økonomisk ramme på 120 millionar kroner.

Fiskeriministeren heldt i mai 2001 ei utgreiing i Stortinget om lovbrott, kontroll og tiltak i fiskerinæringa. I mai 2001 vart det også fremja ein proposisjon for Stortinget om kontrolltiltak i fiskerinæringa med det formålet å betre ressurskontrollen og forvaltninga av dei levande marine ressursane.

Det vart i juni 2001 nedsett eit utval som skal vurdere nærare spørsmål rundt eigarskap til fiskeflåten.

I lønnsoppgjeret for 2000 vart det avtalt sentrale tillegg både for 2000 og 2001 i alle dei store forhandlingsområda. I dei områda der avtalene gjev tilgang til lokale forhandlingar er slike forhandlingar gjennomførte på vanleg måte. I det statlege tariffområdet vart det i tillegg sett av 1 pst. av lønnsmassen til sentrale justeringar. Midlane vart brukte til å styrkje universitets- og høgskolesektoren.

Utvalet for tarifforhandlingssystemet – vårens vakraste eventyr – ? NOU 2001:14 la fram si innstilling 1. april 2001.

Det vart sett ned eit utval av Arbeids- og administrasjonsdepartementet 31. oktober 2000 for å utarbeide forslag til stønad til livsopphald. Innstillinga NOU 2001:35 vart lagd fram 15. august 2001.

I drøftingane om pensjonsreguleringa i folketrygda i år vart det semje mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg om å auke grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2001.

Staten, Kommunenes Sentralforbund og Den norske lægeforening vart hausten 2000 samde om avtaleverket for fastlegeordninga og rammene for inntektsoppgjeret for 2001 for fastlegar og legar med fylkeskommunal avtalepraksis frå 1. juni 2001. Staten og Kommunenes Sentralforbund vart i juni i år samde med Norske Fysioterapeuters Forbund og Norsk Psykologforening om nye avtaler om driftstilskott og takstar frå 1. juli 2001.

1. mars i år vart det presentert ein revidert tiltaksplan, kalla Nasjonalt krafttak for seniorpolitikk i arbeidslivet, som skal styrkje plassen til seniorarbeidstakarar i arbeidslivet.

Det er forhandla fram avtale med organisasjonane til dei tilsette for å sikre medverknad og lette omstillingsarbeidet i offentleg sektor.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om brann- og eksplosjonsvern, evaluering av brannverntiltak dei siste ti åra og framlegg til strategi og tiltak dei neste fem åra.

Det er sett ned eit lovutval som grundig skal gå igjennom og revidere arbeidsmiljølova med sikte på at ambisjonsnivået i det førebyggjande arbeidet på arbeidsplassane skal hevast.

I desember 2000 vedtok Regjeringa ein handlingsplan for det vidare arbeidet med samordning av regelverk og tilsyn på helse-, miljø- og tryggleiksområdet.

Det er vedteke eit felles helse-, miljø- og tryggleiksregelverk for petroleumsverksemda på norsk sokkel, som skal ta til å gjelde 1. januar 2002.

For å oppnå eit mest mogleg samordna og konsistent regelverk for å kunne gjennomføre tilsyn på tvers av dei ulike etatane, er forskriftene om kontroll og reaksjon i åtte helse-, miljø- og tryggleikslover endra frå 1. januar 2001.

For å få til eit meir effektivt og verknadsfullt tilsyn på brann- og eltryggingsområdet er Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern og Produkt- og Elektrisitetstilsynet vedteke slått saman til éin etat.

Den aukande tilstrøyminga av attføringssøkjarar sidan hausten 1999 held fram. Aetat prøver ut fleire på attføring med tanke på å mobilisere fleire for arbeidsmarknaden og redusere uførepensjoneringa.

Regjeringa har arbeidd for at statsforvaltninga i aukande grad gjer bruk av den kompetansen kvinner har i leiarstillingar.

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal gå grundig igjennom norsk konkurransepolitikk og den norske konkurranselovgjevinga. Utvalet la fram ei delinnstilling i juli 2001.

IT Fornebu har teke over dei delane av statseigedommane på Fornebu som skal brukast til det nasjonale IT- og kunnskapssenteret.

Regjeringa vedtok 19. juni 2001 ei ny utforming av likningsforvaltninga i landet. Omorganiseringa, som skal gjennomførast i løpet av ein treårsperiode, vil føre til betre kvalitet og betre utnytting av ressursane i likningsarbeidet.

Stortinget vedtok våren 2001 endringar i petroleumsskattelova om fordeling av netto finanskostnader mellom land og sokkel, Ot.prp. nr. 86 (2000–2001).

Regjeringa sette i samband med langtidsprogrammet ned ein pensjonskommisjon som skal avklare hovudmål og prinsipp for eit samla pensjonssystem.

På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart fremja i mars 2001, har Stortinget vedteke endringar i lova om verdipapirhandel som legg til rette for handel med varederivat i Noreg.

På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon fremja i april 2001, har Stortinget vedteke endringar i lova om verdipapirhandel som vil effektivisere, klargjere og skjerpe forbodet mot ulovleg innsidehandel.

På bakgrunn av ein odelstingsproposisjon som vart fremja i juni 2001, har Stortingen vedteke endringar i verdipapirfondlova. Endringane er ei modernisering og oppdatering av det rettslege rammeverket for verdipapirfond.

Politidirektoratet, som har vore i operativ drift frå 1. januar 2001, har ansvar for å koordinere og styre den samla politiinnsatsen.

Vidare er det frå 1. januar 2001 oppretta seks kriminalomsorgsregionar som skal ha ansvaret for straffegjennomføringa og vidareutviklinga av fengselsvesenet og kriminalomsorga i fridom. Det er også vedteke ei ny straffegjennomføringslov.

Arbeidet i Regjeringa med å sikre ei raskare avvikling av straffesaker har vore høgt prioritert, og det er gjennomført både lovendringar og rutineendringar for å oppnå det.

Regjeringa har i særleg grad retta merksemda mot kriminalitet blant barn og unge. Det er utarbeidd ein heilskapleg tiltaksplan som tek sikte på å styrkje innsatsen i høve til barn og unge som gjer lovbrott.

Regjeringa har sett i verk målretta tiltak mot vald, særleg vald mot kvinner. Den nye valdsoffererstatningslova, som tok til å gjelde 1. juli 2001, har styrkt stillinga til valdsoffera.

Regjeringa har vore oppteken av å styrkje rettstryggleiken i samfunnet. Det er vedteke å opprette ein gjenopptakingskommisjon, som skal avgjere om ein skal tillate gjenopptaking av ei straffesak. Vidare er det gjennomført lovendringar og andre tiltak for å styrkje rettane til dei varetektsfengsla på område som har vore kritiserte av Torturovervakingskomiteen. Det er sett ned eit utval som skal gjennomgå konkurranseforholda blant advokatar og rettshjelparar med det siktemål å gjere juridiske tenester rimelegare og lettare tilgjengelege for folk flest.

Etter framlegg frå Regjeringa er det vedteke lovendringar som inneber ei klargjering og skjerping av det eksisterande forbodet mot våpen på offentleg stad.

Det er lagt fram og vedteke lovendringar som gjer at nye reglar om særreaksjonar overfor farlege tilreknelege og utilreknelege lovbrytarar kan tre i kraft frå 1. januar 2002.

I samband med erstatningsoppgjeret til norske statsborgarar som sat i japansk fangenskap under den andre verdskrigen, er det hittil løyvd 35 millionar kroner til erstatningsutbetalingar.

Regjeringa har lagt fram stortingsmelding om redningshelikoptertenesta.

Arbeidet med å følgje opp innstillinga frå Sårbarhetsutvalget er godt i gang.

Konsultasjonar mellom kommunesektoren og staten om det økonomiske opplegget for kommunesektoren er innført som ei permanent ordning.

Endringar i inntektssystemet er behandla av Stortinget våren 2001 og blir sette i verk i perioden 2002–2006.

Nye økonomiføresegner for kommunesektoren tok til å gjelde frå 1. januar 2001. Under dette er KOSTRA innført som obligatorisk rapporteringssystem for rapportering frå kommunesektoren til staten.

Ny lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser er vedteken av Stortinget våren 2001 og tek til å gjelde frå 1. januar 2002.

Vallovutvalet har lagt fram forslag til ny vallovgjeving.

I stortingsproposisjonen om lokaldemokrati, velferd og økonomi i kommunesektoren 2002 vart det fremja ei rad framlegg om redusert detaljstyring av kommunesektoren.

Regjeringa har føgd opp tiltaka som vart varsla i En solidarisk boligpolitikk – Veier mot målet, som vart lagd fram i juli 2000.

Det er sett i verk tiltak for å få ei enklare og raskare behandling av byggjesaker, m.a. gjennom enklare dokumentasjon av byggjesaker og at prosjektet Byggsøk, som legg til rette for elektronisk behandling av plan- og byggjesaker, er sett i verk.

Ny stortingsmelding om distrikts- og regionalpolitikken er lagd fram. Sterke arbeidsmarknads-, bu- og serviceområde og ei eiga satsing på småsamfunna står sentralt i den nye distrikts- og regionalpolitikken.

Regjeringa har vedteke retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og tenesteproduksjon. Eit viktig prinsipp er at etablering av nye statlege arbeidsplassar skal lokaliserast utanfor Oslo. Unntak frå dette prinsippet skal grunngjevast særskilt.

Det er sett i gang ei utgreiing om dei samla effektane sektorpolitikken har på regional utvikling. Formålet er å styrkje samordninga av distrikts- og regionalpolitikken.

Regjeringa la sist desember fram ei stortingsmelding om nasjonale minoritetar i Noreg – om statleg politikk overfor jødar, kvenar, rom, romanifolket og skogfinnar.

Regjeringa la i august fram ei ny prinsippmelding om samepolitikken.

Den 1. januar 2001 vart ansvaret for å behandle klager i asyl- og andre utlendingssaker overført frå Justisdepartementet til den nye uavhengige Utlendingsnemnda. Formålet var å styrkje rettstryggleiken til søkjarane og ta einskildsaker ut av departementet. På same tid vart ansvaret for utlendings- og statsborgarlova overført frå Justisdepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Mellom anna på grunn av stor tilstrøyming av asylsøkjarar er saksbehandlingstida i asyl- og andre utlendingssaker vorten for lang. Regjeringa har på bakgrunn av det sett i verk fleire tiltak for å betre situasjonen.

Stortinget behandla våren 2001 stortingsmeldinga om asyl- og flyktningpolitikken i Noreg. Regjeringa arbeider no med å følgje opp tiltaka i meldinga.

4 900 av dei rundt 8 000 flyktningane frå Kosovo som fekk kollektivt vern i 1999, har no vendt tilbake til Kosovo (per 1. juli 2001). Regjeringa føreset at resten av dei som ikkje blir innvilga opphald, frivillig vender tilbake til Kosovo.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon om ny miljøvernlov på Svalbard.

Eit moderniseringsprosjekt ved nikkelverket i Petsjenga på Kola er realisert med norsk økonomisk stønad. Når prosjektet er gjennomført, vil det redusere utsleppa av svoveldioksid og giftige tungmetall med om lag 90 pst.

Det kommunale miljøvernarbeidet styrkjast ved å gje kommunane større avgjerdsmakt på miljøvernområdet gjennom ei gradvis overføring frå 2002 til 2005.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om biologisk mangfald.

Regjeringa oppnemnde i april eit lovutval som skal greie ut om lovgrunnlaget for biologisk mangfald i Noreg.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om friluftsliv. Strandsonesatsinga er ført vidare. Skjergardsparken ved Lindesnes er opna.

Store verneplansaker som Verneplan barskog Nord-Norge, Verneplan våtmarker Nordland, Verneplan barlind/kristtorn Vest-Norge og Verneplan rike løvskoger Nordland er sluttførte. Arbeidet med ein nasjonal marin verneplan er sett i gang.

Eit framlegg om å opprette nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er sendt på høyring.

Det er sett i gang ei forsøksordning med planstyrt motorferdselsforvaltning i åtte kommunar.

Regjeringa vedtok i februar ei avgrensing av området der ulv skal kunne etablere seg i par og familiegrupper. Med grunnlag i soneringa og utviklinga i ulvebestanden vart det i vår felt ulv, mellom anna ei familiegruppe utanfor forvaltningsområdet. Det er i 2001 sett i gang ei prøveordning der staten tilbyr seg å leige jaktrett innanfor revirområdet for ulv. Vidare er nye forskrifter om lisensjakt på ulv ute på brei høyring.

Regjeringa la i februar fram stortingsmeldinga Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Regjeringa er oppteken av å løyse dei miljøutfordringane som dei store byane står overfor. Det er etablert samarbeid med dei største byane for å fremje mangfaldige og levande lokalmiljø, miljøvennleg og helsefremjande bytransport, næringsutvikling og kultur- og friluftsliv.

I 2000 vart det oppretta 1900 nye barnehageplassar.

Regjeringa har lagt fram og fått vedteke nye og tidsrette reglar for fastsetjing av barnebidrag. Barnelova er også endra slik at reiseutgifter ved samvær normalt skal delast mellom foreldra.

Regjeringa har lagt fram forslag til ny barnetrygdlov til erstatning for lova frå 1946.

Regjeringa har foreslått ei godkjenningsordning for private barnevernsinstitusjonar for å sikre rettstryggleik for barnevernsklientane og eit fagleg godt tilbod.

Regjeringa er oppteken av å nå barn med åtferdsproblem. Regjeringa er derfor i gang med å opprette eit senter for åtferdsforsking knytt til Universitetet i Oslo.

Regjeringa la i desember 2000 fram ein handlingsplan mot kjønnslemlesting.

Regjeringa har følgd opp Handlingsplanen mot tvangsekteskap. Også i 2001 er det løyvd midlar til prosjekt i regi av minoritetsgrupper og organisasjonane deira til arbeid mot tvangsekteskap.

I april 2001 kom Regjeringa med framlegg til revidert likestillingslov.

Regjeringa har sendt ut eit høyringsnotat som skisserer ulike måtar å gå fram på for å få fleire kvinner inn i styre i næringslivet.

Regjeringa la i mars 2001 fram ei stortingsmelding om livskvalitet for lesbiske og homofile i Noreg. Regjeringa har auka den økonomiske stønaden til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring. I april 2001 la Regjeringa fram eit forslag om innføring av stebarnsadopsjon for homofile partnarar. Stortinget vedtok lova i juni i år.

Det har vore ein kraftig vekst i sjukefråværet sidan 1994, og det har aldri vore høgare enn det er i dag. Veksten i sjukefråværet har likevel gått ned det siste året. Talet på personar med uførepensjon er høgt.

For å snu utviklinga med stadig større sjukefråvær og stadig fleire uførepensjonistar har Sandman-utvalet (NOU 2000:21) foreslått ei rekkje tiltak. Regjeringa har arbeidd med å følgje opp innstillinga.

Det er lagt fram ein handlingsplan for økonomisk og sosial tryggleik.

Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999–2006 har vorte følgd opp i tråd med intensjonane i Stortinget, jf. St.prp. nr 63 (1997–98).

Lova om spesialisthelsetenester og lova om pasientrettar, som m.a. gjev pasientar rett til nødvendig helsehjelp frå spesialhelsetenesta og rett til fritt å velje sjukehus, er sette i kraft.

Regjeringa har sett i gang arbeid med omorganisering av forvaltning og tilsyn på matområdet.

For å vidareutvikle og styrkje grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa tilpassa den enkelte elev, deltek alle fylkeskommunar og mange kommunar og skolar i ei brei satsing på lokalt utviklingsarbeid og i forsøk som det er teke initiativ til lokalt og sentralt. Satsinga rettar seg særleg mot utvikling av elev- og lærarrolla gjennom fleksibel organisering, variert bruk av arbeidsmåtar og vurderingsformer.

I mars 2001 gjorde Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og lærarorganisasjonane avtale om forsøk med ulike modellar for organisering av skoledagen og arbeidstida til lærarane. Hovudmålsetjinga med forsøka er å betre kvaliteten på undervisninga gjennom blant anna auka elevkontakt, auka fleksibilitet og betre ressursutnytting. Forsøka tok til 1. august 2001 og går over to år.

Regjeringa har sett i verk særskilde tiltak for å auke rekrutteringa til lærarutdanninga og til teknisk-naturvitskaplege fag.

Regjeringa har fastsett nye opptaksreglar som gjer det mogleg å bli teken opp til høgare utdanning på grunnlag av realkompetanse. Til opptak hausten 2001 var det nærare 5 000 som har bede om ei slik vurdering.

Det er fordelt 20 professorat som er øyremerkte for kvinner, til universiteta og sju høgskolar. Etter søknad frå institusjonane har Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tildelt professorstillingane til fagområde der mindre enn 10 pst. av professorane er kvinner.

Kompetanseutviklingsprogrammet er ein viktig del av Kompetansereforma og byggjer på avtaler mellom partane i arbeidslivet i samband med inntektsoppgjera i 1999 og 2000. Programmet rettar seg mot verksemder, organisasjonar og einskildpersonar som vil medverke til nyskaping og utvikling innanfor marknaden for etter- og vidareutdanning. I 2001 var det nærare 550 prosjektsøknader under dette programmet.

Vaksenopplæringsinstituttet vart oppretta 1. januar 2001 ved ei samanslåing av Norsk fjernundervisning, Norsk vaksenpedagogisk forskingsinstitutt og Statens ressurs- og vaksenopplæringssenter.

Det er inngått ei samarbeidsavtale mellom NORAD og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om arbeid med utdanningsbistand. Departementet har vidare etablert eit direkte samarbeid med utdanningsdepartementa i Zambia og Nepal.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 la Regjeringa fram ein plan for ei kraftig opptrapping for forskinga.

Tilskottsordninga FUNN (Forsking og utvikling i eit nyskapande næringsliv), som skal styrkje forskingsinnsatsen i næringslivet, vart oppretta 1. juli i år. 200 millionar kroner blir delte ut. Frå juli 2001 vart kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping auka med 2,5 milliardar kroner til i alt 10 milliardar kroner. Avkastninga frå fondet skal styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking.

Oppslutninga om Den norske kyrkja held seg stabil. Om lag 86 pst. av befolkninga er medlemmer. Det er stor oppslutning om kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, medan deltakinga ved ordinære gudstenester er generelt sett låg i forhold til medlemstalet.

Stortinget har vedteke endringar i gravferdslova. Endringane, som vart sette i verk frå 1. juli 2001, gjev enklare reglar for behandlinga av ein del saker som er knytte til gravferdsforvaltninga.

Det er oppretta eit senter for internasjonal formidling av norsk samtidskunst, som skal gje norske biletkunstnarar betre høve til å kunne ta del i internasjonalt samarbeid.

Norsk museum for fotografi, Preus fotomuseum, vart opna i Horten i mai 2001.

Det er utlyst ein anbodskonferanse om statleg kjøp av tilgang til ein nasjonal kunnskapsbase i digital form for bibliotek- og undervisningssektoren.

Det er vedteke at Norsk Arkitekturmuseum skal få nye lokale i den tidlegare bygningen til Noregs Bank i Oslo, og at det skal byggjast eit tilbygg som er teikna av arkitekt Sverre Fehn.

Norsk filmfond, som forvaltar dei statlege tilskottsordningane til filmproduksjon, vart oppretta 1. juli 2001.

Det er fastsett endringar i reglane i kringkastingsforskriftene for sponsing i kringkasting.

Det er utlyst konsesjon for analogt riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn for perioden 2003–2009 og konsesjonar for digitalt bakkesendt fjernsyn. Siktemålet er at befolkninga skal få eit breitt og variert fjernsynstilbod.

Lotteritilsynet, som m.a. skal kontrollere pengespel og lotteri som blir tilbodne i Noreg, vart oppretta 1. januar 2001. Det er lagt til Førde.

Vikingskipet på Hamar vart etablert som nasjonalanlegg for skøyter i desember 2000.

Det er etter framlegg frå Regjeringa vedteke ei lovregulering av organisert kampidrett som tillet knockout.

For 2001 utgjer delen av overskottet frå Norsk Tipping AS til idrettsformål 824,5 millionar kroner. Av dette er 408,3 millionar kroner disponert til idrettsanlegg, 289,5 millionar kroner til Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité, 82,4 millionar kroner til direkte tilskott til arbeid for barn og unge i lokale idrettslag og 43,8 millionar kroner til andre idrettsformål.

Gjeve på Oslo Slott 5. oktober 2001
Under Vår hand og riksseglet


Dette verket er ikke beskyttet av opphavsretten, fordi det er laget av Den norske regjeringen (Åndsverkloven §9).