Som brodden maa tevle seg jenom mold aa mur for aa naa fraa den myrke kjellar til dagsens ljos, so hev vitenskapen tevla, aa med stræv aa møe sprengt seg fram fraa myrkr til ljos. Men sjølve vitenskapen, som er den trauste grunnen under al framgang, va i fyrstninga bleik aa veik aa trivlande som den brodden som veks i myrke kjellaren. Vitenskapen hadde ikkje noko fast aa halde seg til, aa vaaga seg derfor lite fram. Det va Kopernikus aa Galilei, som førde han in paa fast grunn. Dei vende tanken mot naturen, der manneaanda einast kan finne fotfeste. Daa Galilei vende stjernekikaren mot himmelen, vart mannetanken liksom løyst or sin gamle trældom, er det sagt.

I heile millomalderen va vitenskapen trælbunden aa bøygde seg for skolastiken, som negta alt som kyrkjemennene ikkje vilde setje sin stempel paa. I vaare dage treng vitenskapen berre fullgoe prov for aa kunne støyte om ei rang lærebygning. Men mang ein klaartenkt granskar hev maatt’ gaa med harm i grava, før me kom so langt.

Descartes sette dømekrafta paa frifot daa han lærde, at ingen skulde halde noko for sanning, som han ikkje kunne skyne. Mange av os som no lever synes dette er greit nok. Men so va det ikkje daa. Aa ta vite til vitne mot ein kyrkjelærdom, det va ein ugjerning, som laut straffas med baal. Paa den maaten kunne galskap aa vitløyse haldas oppe fraa slegt til slegt. — Overtru aa fordom aa kyrkjemagt va muren som i lange tie stengde ljose ute. Men tak vere dei som ofra seg! Litt om litt sprengdes muren; no er berre fillene att.

Det va renaissancetia som i sluten av det 16de aarhundrae braut inover Europa med al si gjæring, alle sine store aander aa alle sine opfinninga aa opdaginga.

Men renaissancen hadde sine fyregangsfolk. Kopernikus aa Galilei kunne kje ha staat fram, uta at nokon hadde opna vegen aat dei. Sjølve tankane va fødde før, endaa dei fyrst fek kraft aa klaarleik i renaissancetia. Aa den eine af desse fyrste vegbrytarane det va Roger Bacon. Han aa Descartes er skaparane av den sunne vitenskaplege logik, som lærer os aa styre vite for aa finne samanheng i alle ytringa fraa natur aa folkeliv.

Roger Bacon er ei av dei største aander som hev livt.

Han kan i skarp tenkjing næsten setjas jamhøgt med Newton. Men han va dertil all-kunnig som Aristoteles, framsynt som ein profet aa fridoms-elskande som Byron.

Han va den fyrste som gjore opreist mot det gamle autoritetsvelde. Han va so forarga paa den avgudsdyrkjing som tia dreiv med gamle menn, at han va huga paa aa brenne sjølve skriftene hans Aristoteles for aa faa ein autoritet mindre.

Roger Bacon er fød i 1214 i England. Han studera i Oxford aa Paris, vart doktar i teologi, aa vart franciskanermunk i same tie som Ludvig den hellige slost med vest-baronane. Han la seg tileg etter naturgransking aa maatte tole mykje spott av kameratane sine av den grunn. Han lærde seg: mange gamle maal, latin, græsk, hebraisk aa arabisk. Men studera likevæl matematik, astronomi, fysik, ja endaatil eit slags kjemi. Han va kjend i alle vitenskapsgreiner. Meiningane sine bygde han paa røynsle, aa det han fann ut, spreidde han utover til alle dei unge som hjelpte han med granskningsarbeie. Aa lenge vart det ikkje før han va ein vispurd mann.

Han fann paa mange undarlege ting. Folk kalla han »mirakeldoktaren«. Han va den fyrste som fann ut, at den julianske kalender ikkje va aa lite paa. Han bad paven rette feilen; men fyrst 300 aar etterat Bacon va klar, vart feilen retta[1]

Han va den fyrste som fann lovene for ljosbryting i aakua (konvexe) aa inhola (konkave) spegla. Han gjore dei fyrste brillene aat langsynte folk, aa han va den fyrste som lærde om kikaren. Krute rensa han aa gjore det langt sterkare enn det va før. (Kunsten aa lage krut va komen fraa Kina omkring 50 aar fyre Bacons ti).

Men alle desse opfinningane som manneætta hev havt so stor nytte av, dei gjore at mannen vart lagd for hat. Dei skulda han for aa vere trollmann; mange trudde, at det va sjølve satan som lærde han alle kunstane, aa øverheita forbau han aa syne skriftene sine til nokon. Men paven, Clemens 4de, som va ein vitug mann, fek hug aa sjaa kva denne undarlege munken hadde tenkt ut aa funne paa. Aa han vart so forundra aa oprømd over alt dette, at han sia studde Bacon so got han kunne aa fek seg tilsend største verke hans »Opus Majus«, aa ein epistel av »Løynd-arbeie aat natur aa kunsta«.

Desse bøkene er fyllte med rike skatta for vitenskapen. Ein finn der væl utgreidd læra om syne aa om brennspeglane. Nøgge merkninga om ljosbrytinga, utgreiing om regnbogen[2] aa mangt anna.

Det ser ut, som kunne han lokke naturen til aa openbaare løyndomane sine. Aa han va so skarptenkt aa langtenkt at han timde langt ut i framtia. Endaa ingen i den ti hadde tenkt paa aa bruke krut til aa skyte med, skreiv han: »Berre du set eld paa litegran krut, vert der ein sterk loge aa det smell som toreskrall. Me kan kome til aa øyelegge bya aa tropper med det«. Halfemte hundra aar før dampbaat aa jarnbane vart opfunne, skreiv han naar han tala om fysik aa mekanik: »Ein kunne gjere maskiner som va istand til aa drive skip fortare fram enn eit heilt mannskap kan ro, aa ein trengde berre ein lods til aa styre. Ein kunne faa vogner til aa renne utruleg fort uta hestehjelp. Ja det kunne jamvæl gaa an aa kome høgt op i lufta aa fare som fuglane.« 

Bacon va den fyrste som lærde folk aa røyne seg fram i vitenskapen. Det va ein kunst dette som kunne aa maatte læras. Røynsla va den beste hjelpesmann som fornufta kunne bruke for aa finne sanninga. Sjøl røynte han seg fram so langt som røynsle kunne naa.

Men det va ikkje aa vente, at denne modige tankehelten lenge skulde faa gaa laus. Daa paven Clemens døe va det slut. Bacon vart klagd for trollskap aa hekseri. Aa endaa han sjøl synte, at det ikkje va trollskap, men berre slikt som dei andre laag for laagt til aa skyne, vart han likevæl dømd til fengsel paa leveti, aa skriftene hans vart lyste i ban aa forbydde.

I 19 aar sat han i fengsel. Fyrst daa han væl va helselaus aa øyelagd av sorg aa harm, slap han ut. Han kom seg berre attende til heimlande sit for aa døy.

Han va langt framafor si ti. 200 aar seinare kom arbeie hans til ære. Men mange va dei som i millomtia laut lie, før dei vitenskaplege sanningane kunne faa syne seg i sin fyrste dimme morgonrøe.


  1. Dei gamle romarane rekna berre 365 dage i aare. Men daa eit aar er 365 dage, 5 tima, 43 menut, aa 48 sekund, so kom dei i forkort. Dette skulde Julius Cæsar rette paa (astronomen Sosigenes va det nok i grunnen; men Cæsar tok æra for det). Han gjore kvart 4de aar til skotaar. Men daa vart aare 12 menut aa 12 sekund for langt. Paa 400 aar gjer dette 3 dage aa 3 tima. For aa rette paa, dette gjore Gregor 13de i aar 1582 den regelen, at kvart hundra-aar som ikkje 400 gjeng op i, skal ikkje vere skotaar. (Etter den julianske k. skulde det vere skotaar). Dette er den gregorianske kalender, som altso burde heite „Bacons kalender“.
  2. Newton greidde betre ut om lovene for regnbogen. Bacon hadde som rimeligt var ikkje magta spursmaale heilt ut.