Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/24

Denne siden er korrekturlest
KRING MINNE AT SONGAREN O. G.

No er du burte venen vår!
For all tid burte, du!
Og saknaden er tung og sår
Du kunde stade mange år
og gledt so mange, du.

Det vart eit rom so tomt og grått
som aldri fyllast kann.
Eit lynne ljost og klårt og godt!
Var det i gleda eller gråt.
du spreidde fagnad, du.

Du skjemta glad foruten gjøn,
og snar til hjelp du var.
Ditt hjartelag og gode skyn.
det fann seg fram forutan bøn,
og difor glad du gav.

No takk for all den væne song,
og for kvar tonestraum,
som gledde oss so mong ein gong
og lyste upp i barmen trong
sælt som ein fager draum.

22