Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/26

Denne siden er korrekturlest
MOR SIN MORGONSONG
TONE: DER VAR EN GANG EN LITEN PUS

At arbeid det hev helsebot
det kann du gjerne tru.
:/: Det kan deg gjera glad og god.
Ja berre prøv det, du! :/:

Um du har nokonsinne prøvt
å rokkehjulet snu;
:/: du sit der i di stova høgt
og byrge som ei brud. :/:

Då syng du med du takten trør
um liv og kjærleik rein.
:/: Og aldri du um tidi spyrr,
fyrr mannen din kjem heim. :/:

Men når du sit i veven din,
og du har spolar nok,
:/: og skyttelen går fort som vind,
du klæd din heile flokk. :/:

For klippa kann du og, og sy,
det lærde du av mor.
:/: Og du hev mykje vakkert ty;
for veven den vart stor. :/:

24