Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/27

Denne siden er korrekturlest


Å du, å du, so gildt det er
å spøta sokkar tvo!
:/: Og tenkja på dei kjære bein
som skal bli varm og god! :/:

Og lika hugallt må du tru
det er å skjortor sy.
:/: Eg synes sjå den gilde gut,
kor han vert glad og lyd. :/:

Når so i hagen allting gror
som grønt og etand er,
:/: og blomerader stend i flor,
og buskar full med bær. :/:

Og du kann ned i hagen gå
og plukka frugti av
:/: og dela ut til store, små
det deg Vorherre gav. :/:

På kjøkenet so kvik og glad
ditt arbeid du får gjort.
:/: Du bakar, kokar sjølv din mat,
og det båd’ godt og fort. :/:

Og ber du gode maten inn
i stova ljos og rein,
:/: då smiler sæle guten din:
«Å du, her er min heim!» :/:

25