Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/28

Denne siden er korrekturlest
DU GLØYMDE Å TAKKA

Eg vaks upp i heimen hjå far og ho mor,
fekk læra so mykje, vart sjølvgod og stor.
Han far, han var snild, og ho mor var so gild!
Dei vona at eg i mit lynne vart mild.

Og vener – veninder i hopar eg fann;
og kveldsol som morgosol lyste um land,
og himmel og jordi var fager og ny,
med stjernor som blakra i morgongry.

Men rettno nymåne på himmelen kom,
og mangt her i livet det vende seg um.
Og vonerne, livsmodet, alt gjekk i kav,
som elvi, ho driv mot eit frådande hav.

Og burte var både ho mor og han far.
Den sorgi i hjartet meg brende og skar.
Og venerne kvarv burt som vatn og eld;
kvi kunde i hugen ein då verta mild?

26