Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/29

Denne siden er korrekturlest

Og håret det gråna og håret fallt av,
med venen, ein heldt av, han gjekk i si grav
Men då var det noko eg tenkte på straks:
«Du gløymde å takka den gong då det vaks.

Du gløymde å takka for fagnad i grend.
Du gløymde å takka for hugnad ved ven.
Du gløymde at takki gjer gleda vår rein;
difor sku du takka med soli ho skein.

No takkar du, berre at inkje du frys,
um ofta du ynskjer at søyla vart is.
No sist fær du læra å takka for deg,
at motburden bar deg på tryggare veg.»

27