Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/33

Denne siden er korrekturlest


fløyting ei tid, til det altihop ein vakker dag vart burte att, nett lika stilt som det kom.

Desse flaumane er ingi ulukka. Dei er årvisse, og ein lyt ordna seg etter dei med såing og setjing; og sumarsoli syrgjer jamnast for at alt vert ferdig og moge den rette tidi. – –

– – – Men eit år minnest me umframt alle hine. Då fekk me haustflom, den det ikkje hadde vore maken til sidan året 1860. Det året var det og uår, ivissa på desse kantar. – – –

Dei venta i det lengste med slåtonni i von um høyver. Men so kom vatnet, fløymde over dei uslegne som dei slegne engjer. Såtene burtetter som stod og hukte og venta på sol eller i det mindste ein vinngufs, dei vart fleire stader vaska ut over vatnet. Dei som vilde freista å berga sitt, måtte ut i båter og fløyta høyet av den blanke vollen.

Havreåkrane som stod og stønde etter sol for å kunne vinna fram den yskjelege gule fargen, fekk seg berre eit kaldt bad. – – –

– – – – –

Som vederlag for ein våt sumar kom september med klår himmel og rein luft, rein etter alt regnet, ikkje eit støvgrand og mest ikkje ein mygg. Sol um dagen og stjerner um natti, og heile naturen i sin fargerikaste og fagraste bunad. Ei herleg tid for den som ingi velferd hev utandørs. Men den grøne havren utetter bygdi gruste og fraus. – – Og bonden kann ikkje frygda seg ved det fagri i dei livlege haustfargane, når det som skal fylla lå­ven hans, ikkje hev fenge den rette liten. – –