Side:"Haustbragd" av Marthine Emilie Strømme (1930).pdf/39

Denne siden er korrekturlest


Vårherre tykte denne tanken åt røslyngen var so væn at han kjende eskhug til han i hjartet sitt.

– Det er, kann hende, med han som med borni hans, han fær samkjensla der han finn hjartegull. – – Difor bøygde han sg ned til han, kyste han og sa: «Gakk med signing!»

Men med dette kysset kom det fram tusund små blåe augo på dei harde, krøkte kvistene. Dei bar himmelfargen, men raudna av røslyngen sin viljeeld.

Han stavra og drog seg upp på heiene og ut til øygarden i havrandi, tok til med sitt, vov eit grønt åklæde yver berg og grus og blømde seg varm med millioner småe fiolraude augo. Ser han ein snau bergbygd holme, so veit han sin børt, og fyrr ein veit ordet av, so laver røslyngen over det heile. Det er mangein hard strid med storm og sjødriv. Men han veit kva det gjeld, og heldt ut til kampen ofta gjer han sturen og gamall. So kjem dei med eld og segjer han må nyast upp. – Han brenn i alle sine kvister; men viljen sit att i roti. Og so stend han der att lika grøn og takkar for livet med ein væn blomekrans.

Dei hine blomane som blåklokka, «ljose nat og dag», smørblom, storkeneb og alle dei som fann seg lageleg jord, dei stend der smilande og vimser, lei­ker og dansar i sol og vind. – –

Men røslyngen strevar med sitt, han; han vil laga jord åt god vokster. Tru som han er, skjelv han ikkje so hardt, um enda hauststormane kjem her­jande yver viddi med vinter og kulde. Han set seg til og drøymer um den tidi han fekk veva, og buer

seg til ei ny, større verksemd. Og um han vert skilt

37