Side:Aasen - Ervingen.djvu/10

Denne siden er godkjent
10


aldri saag eg slike hyggjelege Ting.
Ja, myket hev’ eg seet,
og meir hev’ eg frett[1],
men her hev’ eg seet det beste.

Her heve alt ein vænare Lit[2],
han gjerer meg so godt i Hjarta;
her er det rett, som alt hadde Vit
og kunde baade læ’ og garta[3].
Folket og eg er like som eitt;
alt kvat dei segja, skynar eg so greidt,
og aldri er der Ord
paa all den vide Jord,
som ganga meg so til Hjarta.

Her kan eg kjenna Bygder og Bol[4]
og Berg i so ymsa Rader.
Fjøra og Fjell og Himmel og Sol
er tekkar[5] en andre Stader.
Saart hev’ eg saknat Heimen ei Tid,
difyr’ er han no so kjær og so blid.
Lat koma kvat, som kann,
eg møter som ein Mann,
og aldri fer eg ut or Landet.

Nei, utor Landet fer eg inkje, men utor Garden? ja det er ei onnor Sak. Stakkars Aamund, du gled deg paa tunt Øl. Der er ingen heime, som ventar paa deg, og ingen, som vil sjaa deg helder. Der er komet nytt Folk i Faderhuset: vil du sjaa inn i det, so lyt du tigga um Lov, og det kann henda, at du inkje slepp inn eingong. Det er komet i framande Hender alt det, som du skulde hava; og det kann lett ganga so til, at du aldri fær atter sin einaste Grand, og daa lyt du fara ut-atter lika snaud, som du kom, og kannhenda ein god Mun snaudare. (Gjeng nokot til sida).


  1. spurgt, hørt
  2. Udseende, Farve.
  3. spøge
  4. Bosteder.
  5. behageligere.