Side:Aasen - Ervingen.djvu/13

Denne siden er godkjent
13

Løn skulde ein faa. Aa ja, det var sant nog; det vardt større Løner, men so vardt det so myket større Utlegg med, at det vardt lenge, fyrr eg tyktest hava nokot til aa fara heim med. Og inkje fekk eg nokon Frettnad heimanfraa helder, fyrr eg frette det, som eg minst vilde høyra; daa laut eg til aa skunda meg paa Heimvegen, men langt var det, og seint gjekk det, so eg er rædd fyre, at eg er komen alt for seint.

Olav.

Aa ja, det kann vera alt for sant; men so heve du daa Odelsretten til aa stola deg paa.

Aamund.

Dei segja, at det skal vera i seinaste Laget med det ogso; d’er no alltid so, at eg heve ei Von, men nokor Vissa heve eg inkje.

Olav.

Ja, lat oss vona det beste daa. Elder er det ikkje so dei segja, at ein skal venta det beste og bu seg mot det verste?

Aamund.

Eg heve høyrt det so og, at ein skal venta det verste, til ein ser det beste; og det, segja dei, skal vera det klokaste.

Olav.

Det kann vera det klokaste, men det er ikkje det tekkaste. Men anten det er no so elder so, du, so vilja me ikkje gjera oss nokor Sorg endaa. No i Dag vil eg, at me skal berre hava Moro og sitja saman og røda um alt det, som kann vera til Hugnad.

Aamund.

Eg segjer det same. Eg er so glad fyre det, at eg eingong fann Folk, som eg kann tala fritt med, og