Side:Aasen - Ervingen.djvu/36

Denne siden er godkjent
38

Olav.

Det var Motparten din. Det var Dotter hans Hermann.

Aamund.

Dotter hans? Det hadde eg daa aldri kunnat tru.

Gunnild.

Nei, det var ikkje so godt aa sjaa helder. Ein kunde snaraste tru, at det var ei Bondetaus; for ho heve havt største Hugen til Bonde-Bunaden, og Faeren heve voret so kjær fyre henne, at han heve latet henne raada seg sjølv.

Olav.

Eg skulde fortalt det, daa me møttest fyrst i Dag; men eg stod liksom fast med di; for eg kom til aa tenkja so: Her standa no desse tvo »stridande Partarne« so meinlause midt imot kvarannan, og ingen av deim veit, at den eine skal jaga den andre ut. Faa dei no vita aldri so litet, so verda dei rædde kvartannat, og so faa me ikkje meir Moro.

Aamund.

Ja, det er eit undarlegt Tilstemne. Eg heve talat med Henne seinare ogso; men endaa var eg like klok. — Men seg meg no: vita de nokot, um ho er fal endaa?

Olav.

D’er det som er Uheppa, du. Ho skal vera fast og ikkje fal, etter som Folk segja.

Aamund.

Det var illt aa høyra.

Olav.

Ja, det kann so vera. Kor likar du Gjenta?