fjor, og gjorde den nyst innreide stova til kyrkje for dei fem og tjuge saudirne, han hadde til at gjæta i den odalske kyrkjelyden sin. Dei store svolkar af vaksne born, gutar og gjentur, som Hans aatte, dei laago late og las um daapen og tru, so dei ikki eigong paa folkevis bergade in dei stakkars høydottirne og vesle kornstraai paa den utrekne garden, som med hus og alt saag ut lik det argaste bruk paa vestlandet og nordanfjølls og i ei fjøllbygd. Der fannst knap ei veite i den kaldsure jord, og det var so det urde og krudde af skjer i kver einaste aakerleppen, og paa den steinutte eng var der berre sjølvsaatt gras som i gamle dagar. Alt laag i nukken (var forkuet) baadi aker og eng, for jordi var arm og vatnsjuk. Kvert hus paa garden, berre ikki denne kyrkjestova draup og lok og stod skakt og skjeivt med støder under.
Der var Lammers i mange dagar paa denne armodsgarden, og her maatte det taka somykit betri at tala um rikdomen, som hans trubrigd vilde gjeva deim. Det rann honom vist aldri i hug, at desse sterke unge folk skulde dyrka og husa upp garden sin i denne væne og gode bygd; Og naar han gjekk yvir Olafs (grannens) gard, so snkkade han yvir denne synduge mannen, som gjorde narr af dette heile stell paa grannegarden sin, og meinte, at det var betre at lesa mindre Og gjera større gagnverk. Han las vel Olaf ogso,