Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/106

Denne siden er korrekturlest
— 98 —


Tor var paa ferd fraa austerveg og kom til eit sund; paa andre sida av sunde var ferjumannen med skipe.[1]

<poem>

Tor ropa:

1. „Kva er det for ein svein-selle; som stend for sunde dera?“

Ferjumannen svara:

2. „Kva er det for ein kar-kall, som kallar yvir vaagen?“

Tor kvad:

3. „Før meg yvir sunde, so fær du ein aabit; meis hev eg paa rygg, det finst ’kje maten betre. Fyrr eg fraa garde fór fekk eg meg mat, havrebraud og sild, eg hungrar inkje endaa.“

Ferjumannen kvad:

4. „Du stor-éting reknar for storverk, men sjaa vel fyri deg, dauvlegt er heime hjaa deg, daud ligg mor di, trur eg.“

Tor kvad:

5. „Slikt du no segjer som synest kvar mann dauvlegt aa høyre, at daud ligg ho mor.“

Ferjumannen kvad:

6. „Inkje ser du ut som du aatte tri gardar; berrbeint du stend, du hev bragd[2] som ein strjukar,

d’ er snaudt at du broki di eig.“

  1. Alle seinare innskot er inkje tekne med i umsetningi; berre v 18, som kjem sist.
  2. Bragd, gjerd.