Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/126

Denne siden er korrekturlest

god um du gaumar:
med venen din
ver du aldri
den fyrste til lag aa løyse.
Sorg èt hjarta,
om ingen du hev
som du seia kan heile din hug.

127.
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
merkar du vondt,
vondt du det kalle,
gjev ikkje din fiende fred.

128 (135).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
gøy inkje mot gjest
som hund ved grind,
tak imot trengjande mann.

130 (136).
Det lyt sterke tappar
som skal svinge døri
til upplating for alle;
men gjev din skillin
at inkje skade
vert ynskt deg paa liv og lem.

131 (132).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
til haad og laatt
hav du aldri
gjest eller gangande mann.

132 (133).
Ofte veit dei
som inne sit
lite kva folk som kann fara.
D’er ingen saa god
at gall han vantar,
eller saa arm at til inkje han duger.

133 (134).
Eg raad gjev deg, Loddfaavne,
raad du take,
nyttug um du nèm,
god um du gaumar:
med graahærd tul
gantast du aldri;
d’er ofte godt som dei gamle talar.
Tidt or skrukkut skinn
kjem skillege ord,
om klædi dei heng,
og hudskorne sleng,
og han studrar som ein stakkar.

II.

138.
Eg veit at eg hekk
paa vindalt tre
nætar heile nie,
med geir-odd saara
og gjeven Odin,
gjeven sjølv til meg sjølv