Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/129

Denne siden er korrekturlest

<poem> 157. Det tolvte kann eg, um i treet uppe eg ser ein daud mann dingle: saa eg runir rister og maalar, at han som der hekk gjeng og med meg mæler.

158. Det trettande kan eg, naar tegnen[1] unge eg auser med vatn og vigjer: inkje han fell, um i ufred han kjem, den hausen[2] ryk inkje for hogg.

159. Det fjortande kan eg, um for folk eg skal gudane nemne ved namn: alle æser og alvar veit eg: der stend meg ingin styving.

160. Det femtande kan eg, som han kvad Tjodrøyre, dvergen fyri Dellings dør. Han aasom gol avle, alvom dugleik, Ropta-ty hugs i haus.

161. Det sekstande kann eg, um hjaa kloke møy eg hugnad vil hava og gaman: hugen eg kverver paa kvitarma viv og snur hennar heile sinn.

162. Det syttande kan eg, at seint fraa meg gjeng ei ung daam-ven dros. - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

163. Lengi du skal, Loddfaavne, visst songane desse sakne. Godt, om du gaumar, nyttigt, om du nèm, turvande, um du tek deim.

164. Det attande kan eg, som ikkje eg seier til møy eller manns kone, - alt er best som ein berre kan; det er slutten paa songen

165. No er Haavamaal kvedi i Haava-halli til magn for manna-sønir, til ugagn for jøtun-sønir; heil den som kvad! heil den som kann! njote den som nam! heile dei som høyrde.

</ref>

  1. Tegn, gut.
  2. Hause, hovud, kar.