Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/135

Denne siden er korrekturlest

men aks øyder trollskap,
samliv i hall mot hus-strid,
mot hat hjelp maanen,
beite mot bitsott,
fast jord mot flaum.


Haavamaal, songen hans Haar. den høge, d. e. Odin Sjaa v. 111.

I handskrifti er det inkje nokor avbolking.

1. Det stend i handskrifti at ein skal skygne vel i alle „gaattir“ fyrr ein gjeng fram. Snorre lèt Gylve segja dette verse, naar han er komin inn i halli til gudane. Sume meiner daa orde tyder utgangsdørar.

2. Paa brandom. Han sit paa brandom = paa peishella (Ø. Slidre). Han sit i braandin = i skorsteinen (Kvitseid) — i vedroi (Evje). „Han sit som han saate paa brandom“ (= paa glonom), segjer dei paa Voss, naar ein hev lite stundir og er utolig. Frikar til aa tala var den, som sat i peisen etter eit gamalt ord fraa Valdres: „Den som paa peisfoten sit kann segja det han hugast.“ Sjaa Vavtr. 9, 11, 19.

5. Sml. ordtaki: „Han tarv vit, som vida skal fara.“

„D’er mangt heime høvelegt og inkje i utferdom.“ Dette er eit halvt ljodahaattvers:

Mangt mun heime
høvelegt vera
og inkje i utferdom.

Fyrste halv-verse er sett ihop av norske ordtak som endaa finst. Soleis ymse gongir sidan òg.

10. Ordtak: „Lærdomen er inkje tung aa bera“ (Vald.)

12. Ordtak: „Naar øle gjeng inn, gjeng vite ut.“

13. Det er Odin som talar i songen, og her fortel han kva ein gong hev hendt han sjølv.

Gløymsle-hegren. Det var gomol tru at fuglar kunde føre sjukdomar paa folk, hovudverk og hugsløyse, Ordtake segjer „D’er betre aa sjaa ein hegre enn ingin fugl.“

Gunnlod (ho som byd til kamp) var vel dotter til Fjalar (han sum dyl). Sjaa v. 105, der ein annan skald hev sett ho saman med Suttung. Fjalar er namn paa ein hane i Voluspaa og paa ein dverg hjaa Snorre. Sume meiner at Fjalar er den same som Suttung og at her er meint paa Odrere, livsdrykken.

17. Her er det enderim millom 3dje og 6te lina (þrumirguma). Det er vel eit slumpehøve, som hev ført dette fram, daa det inkje er vanleg bruk. Men likevel kann det vera gjort inkje reint uviljes. Ein finn det same i v. 39 (þegit — þegi) og halvrim i v. 28, 30, 38. Slike vers vert daa det fyrste upphave me kjenner til versemaale i dei eldste stevi (frødestevi),