Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/140

Denne siden er ikke korrekturlest

132 paa ein annan maate enn i Haav. elles. Det maa ha vori ein song um Gunnlod som hev vorti blanda saman med versi um Odrere. I Haav. 13, 14 er Gunnlod nemnd saman med Fjalar, inkje med Suttung. Det ser ut som Haavamaal tenkjer seg at livsdrykken var ei kjelde som Mime (Suttung) aatte djupt inni berge. Daa Odin hadde hangi 9 nætar paa galgen, fekk han smaka drykken og vakna til liv att. Han vart huga paa aa eige meir av drykken, so han kunde liva stendigt. So borar han seg med nava ren Rate eit hol gjenom berge inn til kjelda, so Odrere sprutar fram i dagen. Men endaa maa Odin (etter andre segnir)^gjeva Mime eine auga sitt for at han karm faa drikke. Tanken um livsdrykken er gamall. I India het han soma og vart vakta av ein rise i eit berg. Guden Indra trengde inn i berge og flaug burt med drykken i ørneham. Folke i Iran hadde ogso ei tru um ein hage paa eit berg med livsens vatn. Moses slo med staven paa berge, so ei kjelde kom fram. Hellenane kalla den drykken som gav gudane kraft og evigt liv, for nektar. Tanken um livsdrykken karm soleis hava eldre rot i norsk tru enn sogur fraa Johannes's opinberring. Snorre hev ei lang forteljing med mange vendingar um livsdrykken. Ymse slag sogur tykkjest her vera samanblanda. B. 111. Innføring til alle tri songane i andre bolken. Manna maal, anten tale av menn, d. v. s. gudar, eller tale um men neski, sigtar til fyrste songen. Kiinir sigtar til andre songen, og tyding til den tridje. Tid er aa tala u . pylja stend det, og det karm tyde, segjer S. Bugge, at fremsige paa en ensformig maade, især at frem sige vers, særlig tryllevers eller formularer, som er knyttede til mystiske religiøse forestillinger og magisk virkning." Tnle stolen; den som tala skulde helst sitja. Sjaa Haav. 2 og Vavtr. 9 og 19. Urdc-brunnen, brunnen til Urd, er ogso nemnd i Voluspaa 19-20. Urd er den hævaste og truleg den eldste av nornine. Gudane held ting ved YggdrasiTs ask, fortel Grimn. 30, og ved Urde-brunnen, segjer Snorre. Ei av røtane til asken er hjaa rim tussane. Sml. Vavtr. 49. S Bugge meiner at det er sogur um Jordan-elvi som ligg til grunn for orde Urde-brunnen. Haaua-halli, halli til Håar (Odin), Valhall. Skalden segjer at desse tri songane, som vel er det rette lege, eldste Haavamaale, hev upphave sitt fraa Odin sjølv, som liksom talar gjenom skalden til menneski. Odin er tenkt som ein gamall tul, talar, songar, lærar; sml. v. 136. 111—112. I handskrifti er v. 111 og 112 skrivi som eitt vers. Andre helvti av 111 hev eg sett inn fraa vers som kjem sidan.