Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/147

Denne siden er korrekturlest
A.

<poem> 1. Um ljod bed eg alle helga lydar, store og smaae sønir aat Heimdall. Det vil du, Valfader, at vel eg fortel fraa fyrndeheim det som fyrst eg minnest.

2. Jøtnar eg minnest i upphav borne, dei som fordom meg fostra hadde. Nie heimar, nie skogmøyar, heilagt stortre, fyrr det spratt or mold.

3. Aarle i old var det Yme bygde. Korkje sand eller sjø eller svale bylgjur; jord var inkje, upphimil inkje; var Ginnunga-gap, men gras var inkje.

4. Fyrr Burs sønir bu-land fram lyfte, dei som Midgard mætan skapte. Sol skein sunnan paa steinar i sal, daa grodde grunnen med grønan lauk.

5. Sol kom sunnan, syster aat maanen, slo høgre handi um himilhestar. Sol inkje visste kvar salar ho aatte, Maane ei visste kvar magt han aatte. (Stjernur ei visste kvar stadir dei aatte).

6. Tivar alle paa tingstolar gjekk, dei høgheilage heldo raadlag: natt og near namn dei gaavo,