Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/16

Denne siden er korrekturlest
— 8 —

hovding. Bue, bonde. Bodde[1] (kann-hende keltisk), bonde (upphav til ætte-namne Budde). Bundinskjegge, som hev fletta skjegg.[2] Segg (austl.), mann.

25. Snòt (Hard. og visur fraa Tel.) rask kvinne. Svarre (svarre i Tel., Rog., Agd., svive ikring) den byrge. Sprakke, um lag det same. Fljod, skalde-nemning paa kvende, held Bugge laga etter angels, fléd. Sprund, vanleg skaldenemning paa kvende. Feima (feimin, var, Trondh.), den bljuge. Ristil, gjævt kvende.

34. Jarl her i upphayleg tyding: hovding.

35. Lind, skjold av lind. Alm, boge av alm.

36. Aa eige tvo namn meinte dei gamle gav langt liv. Odelsvollane var bøndane si eige, fyrr Jarl lagde deim under seg. (Sjaa I. M.: Bondeskipnad i Norig).

Erna, den staute.

41, Bur, son. Jod, barn. Adal, son i ei god ætt. Arve, erving. Mòg, son. Nid = Nidjung, ætting i bein line. Kund, ætting, son. Kon, son, mann.

42. Runir’, her tryllerunir.

45. Kraaka som talar. Ein høyrer mykje gjeti fuglar som talar i dei gamle kvædi. I Ramnsmaal fortel Torbjørn Hornklove at ein ramn rødde med ei valkyrju um Harald Haarfagre. — Daa Helge Hundingsbane vart fødd, tala ramnane med kvarandre um guten. — Sigurd Faavnesbane fekk vita mykje av igdune.[3] — Ynglingatal nemner ein sporv som kong Dag vilde hemne. Og Snorre fortèl at Dag „var so klok at han skyna fuglemaal. Han hadde ein sporv som fortalde han mange hendingar.“ — Um Odin fortèl Snorre at dei tvo ramnane hans vart sende ut um morgonen og kom att um kvelden og fortalde kva dei hadde sét. — Ofte var fuglen berre ein ham som menneskje eller gudar tok paa seg. Frøya hadde falkeham, som Loke laante; Tjasse hadde ørneham. Den fuglen som tala til Atle (Helge Hj.) var nok ogso ein hamfare. — Det er moglegt at kraaka her kann vera einkvar gud, helst Rig (eller Odin) sjølv.

47. Dan, likt med folkenamne dan (danske), ofte namn paa dansk segnkonge. — Danp er vel òg tenkt som segnkonge (Danparstadir er kalla ein by i Reidgotaland, lande til austgotane, sidan Danmark), men fraa fyrst laga etter namne Dnjepr.[4]

50. 5—6 sml. steve fraa Telemork: „halsen er som mjøll.“

————————
  1. Brage Boddeson het ein skald fraa sudvestre Norig fyrst i det 9de aarh.
  2. Assyrane brukte ogso aa flette skjegge sitt.
  3. Han skyna fuglemaale, daa han hadde smaka hjarteblode til Faavne. — Paa Island segjer dei, at tek ein hjarta or ein livande ramn eller falk og legg under tunga, vil ein skyna kva fuglane segjer.
  4. I russiske folkevisur er baade Donau og Dnjepr nemnde som mennar.