Rigs-tula skildrar korleis samfundsskikken var i tidi hans
langgodfar (Aae og Edda), hans godfar (Ave og Amma), hans
far (Fader og Moder) og naar til slutt samtidi aat skalden
sjølv. I gamle dagar sleit folk med torv og ris; slike folk er
no trælar for dei store. Sidan vart det teki til med handverk,
og stelle vart finare; dette var bondetidi. So kom det
upp hovdingar som lagde under seg mange gamle odelsgardar;
og til sist hev kongen lagt heile land under seg. Den som
stører fram denne samfundsvokstren er daa guden Rig.[1]
Sume trur det er meiningi, at trælane skal ha vori eldste folki i Norig (dei som vart kalla finnar). Bondefolke lagde deim under seg. Jarlefolke kunde og daa vera eit nytt folkeslag, som kom seinare. Jarl tydde i gomol tid hovding og het erilar. Munch sèt dette orde i samanheng med folkenamne herular. Herulane var eit gotisk folk; dei laag i krig med danine, for lengi nedanlands, men fleire hopar kom att til nordlandi, ikr. 4—500 e. Kr., og førde daa truleg med seg runine og mangt anna fraa sudlandi.
Ei serskild meining med Rigs-tula nemner K. Ljungstedt: „Själfva syftet med dikten är ju att visa, det alla människor — såväl trälen som konungen — äro bröder, barn af en och samma guddomlige fader. Må man gärna, om man så vill, häri se ett kristet element. Den namnlöse skaldens vackra dikt blir väl icke sämre för det.“
Heimstad. Paa grunn av nokre keltiske ord (rig, bodde, svarme, sprakke) trur S. Bugge at Rigst. maa vera dikta av ein nordmann i Irland eller Skotland um ein norsk konge der.
A. Bugge trur ogso ein maa leite der:
„Diktet synes . . at skildre en enkelt høvdingeslægt, som stiger fra jarlens til kongens værdighed. Men denne høvdingeslægt bærer ogsaa det irske værdighedsnavn ri (gen. rig) „konge“. Den har med andre ord havt baade nordiske og irsktalende undersaatter. — — Ifølge Snorre og Arngrim Jonsson (1597) synes Kon tilsidst at ha ægtet den danske kong Danps datter. — — Norske høvdinger i Irland gjør — — i begyndelsen af det 10de aarh. erobringer i det nordvestlige England og bliver paa fredelig vis — vel gjennem ægteskab — herrer i Northumberland, hvor der før havde været danske konger. — — — De norske høvdinger paa Man og Hebriderne var — — i begyndelsen jarler, ikke konger — — —. Men ved midten af det 10de aarh. blev Man et kongerige. En af øens første konger var — — Godfred Haraldssøn — — —. Det fortælles, at da han kom til øen, og folk spurgte hvorfra han kom, pegte han paa himmelen, paa melkeveien. Nu var, ved vi, guden Heimdal Aasgaards vogter. Hans bolig var „Himmelbjerge“, og han tænktes siddende ved foden af bifrost
eller regnbuen. Men ogsaa med gjallarbroen, med melkeveien
- ↑ I angelsaksiske lovir (890) er det sameleis gjort skilnad millom træl og bonde og jarl (þeowas, ceorlas og eorlas). — I India fortel ei segn um guden Sandragoupeti Narajas giftarmaal med fire konur, ei av kvar kaste, og um dei fire sønine deira.