<poem> Ingin honom att fær heimta, utan han fører meg Frøya til viv.“
9. Flaug daa Loke, fjørhamen dunde, til ut han kom av Jøtunheimen, og inn han kom i Aasagarden. Tor honom møtte midt i tune, og han dei ordi aller fyrst kvad:
10. „Hev du heppe havt med ærend? Seg der i lufti den lange tidend; sitjande selle sogo si gløymer, og liggjande mann lyg det han beiler.“[1]
- Loke kvad:
11. „Heppe eg hev havt med ærend, Trym hev din hamar, tusse-drottin; ingin honom att fær heimta, utan han fær honom Frøya til viv.“
12. Gjeng dei fagre Frøya aa finne, og han dei ordi aller fyrst kvad: „Bitt um deg, Frøya, brure-line, me tvo skal aka til Jøtunheimen.“
13. Vreid vart daa Frøya,, so ho frøste, og aasa-salen all han bivra. Ned spratt bjarte brisinga-mene. „Manngal dei meg meiner vera, um eg ek med deg til Jøtunheimen.“
14. Alle i senn var æsir paa tinge og aasynjur alle til stades. Raadlag heldo rauste gudar, koss Lorrides hamar dei hitte skulde.
15. Kvad det Heimdall, kvitaste aasen, — vidt saag han fram som vanine elles —: „Binde me um Tor brure-line, bere han bjarte brisinga-men.
16. Late um honom lyklar ringle og kvende-klæde
um kne falle,
- ↑ Beiler, orkar.