<poem> 18. Femtan spike-laksar aat ho upp og nokre andre smaa fiskar, dette var bruri hennar beste spise, fyrr ho lengta etter drikke.
19. „Eg gjere no baade skjek og skjelv, eg gjet inkje drikke av hornom; du gjeve meg no drikke av boll-staiupom og føre so hit med stongom.“
20. Til svara grimme jutulen heime uti si norn velde. „Eg aldri hev sét nokor veslare brur hev eti meir uni kvelde.“
21. (Svara Lòkjen leigemann han smilte under skinn: „Ho hev inkje eti i aatte dagar, so hev ho lengta til din.“
22. Det var gamle Gremmil, han gleddest ved det ord, snart kom Torekalls hamar fram, vart lagd paa brure-bord.
23. Aatte voro dei smaatrolli som baaro den hamaren inn, bruri tek ’n med eine handi og sting ’n under sitt skinn.
24. Og det var unge bruri, spring ho so lett yvir bord, slo ho den grimme jutulen, so han datt daud til jord.
25. Og det var unge bruri, spring ho bergi ikring, slo ho dei andre smaatrolli, so dei laag alle i ein ring.)