<poem>
- Vavtrudne kvad:
17. „Seg meg, Gagnraad, der paa golve du stend og vil freiste din førleik: kva heiter vollen der høvast til strid skal Surt og dei sæle gudar?“
- Odin kvad:
18. „Vigrid heiter vollen der høvast skal Surt og dei sæle gudar; hundrad rastir han held kvar veg; der er deim vollen vist.“
Vavtrudne kvad : 19. „Klok er gjesten; kom upp i benk, so talar me sitjande saman! Hovudi vaare me vaagar baae, um gjest er jamklok med jøtun.“
- Odin kvad:
20. „Seg meg daa fyrst, so sant du det haattar, og vit du hev, Vavtrudne: kvar upphave var til jord og himil fyrst, du frode[1] jøtun?“
- Vavtrudne kvad:
21. „Av Ymes hold jordi vart skapt, berg det vart av beinom himil av rimkalde jøtuns hausen, av blode baarut sjø.“
- Odin kvad:
22. „Seg for det andre, so sant du er frod,[1] og vit du hev, Vavtrudne: kvar maanen kom fraa som fer yvir mannheim, og soli sameleis?“
- Vavtrudne kvad:
23. „Mundilføre heiter far til Maanen, og til Soli sameleis, sviv vvir himil kvar skapte dag til aarmaals méd og merke.“
Odin kvad: 24: „Seg for det tridje, so sant du er gløgg, og vit du hev, Vavtrudne: kvar dagen kom fraa, som dreg yvir heimen, og natti med nedar myrke?“
Vavtrudne kvad: 25. „Delling han heiter som til Dag er far, og Natti er dotter til Nòr, gjæve gudar gav ny og nedar
til aarmaals méd og merke.“