Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/53

Denne siden er ikke korrekturlest

45 dreg. I Trundliolm paa Sjælland fann dei i 1902 eit bronse bilæte av solhesten som dreg soli, som hev vori gull-sett, fra* um lag 1000 aar f. Kr. Baade sol og hest stend der paa ei vogn. I Assyria og Fønikia brukte dei aa køyre eit solbilæte um kring paa ei vogn naar det var fest. Same skikken var det vel i Danmark. Sophus Miiller meiner at soldyrkingi maa veia komi upp i nordlandi i bronse-alderen. (Fyrr vart tre og stein, jord og vatn dyrka, og deretter aandir). Men de per sonlige guder traadte utvilsomt i forgrunden fra den romerske tid. — For de nye personlige guder traadte den gamle soldyrkelse tilbage eller antog saadanne nye former, at den ikke kan eftervises." Eddamytologien/' segjer A. Olrik, stiller os overfor guder, hvor det individuelle præg er sterkt gjen nemført, og hvor det samtidig indskjærpes, at guderne er hævet overnaturfaMiomenerne. Som dens forudsætning kan vi skimte en tidsalder, hvor adskillige guder har været knyttede til de store især himmelske naturfænomener." — I Norig finn ein endaa fleire minne um det gamle. Solmøya" kallar dei paa Romerike og i Austfold ljosflekken som stundom er aa sjaa attmed soli. Ei gaate fraa Valdres kallar vaarsoli «jomfru munnlaus", paa vestlande er ho ei ridande jomfru. Mange stadir brukar dei aa ofre smør og halde fest naar soli kjem. att paa nyaare. *) Varg. Grimnesmaal 39 fortel at det er tvo ulvar i fylgje med soli, Hate fyri og Skoll etter. I Hallingdal kallar dei ljosflekkir nær soli i dim luft for solulv. Dette namne er kjent ogso i Danmark og Sverige. Soli er i ulveklemma," segjer dei paa Island. Solhunden talar dei um i England. I tyske, rumænske og sudslaviske land hev folk trutt at ein ulv var skuld i solmyrkjingar. Keltar og lithauingar trur ogso at troll er etter sol og maane. I Lithauen trur dei at ved heimsens ende skal trolle faa tak i sol-vogni og gjera ende paa soli. — Orsaki til fimbulvinteren er vel den at soli vert burte. — Det er tenkjelegt, at det fraa fyrstundes var meint at soli kvart aar, naar ho var burte, vart teki av ulven, og at ei ny sol kom ura vaaren. Sidan vart hendingi flutt til framtidi og hengd ihop med fimbulvinteren. Andre namn paa slike solflekkir er: Hug (Ring., Vald), Huv (Vardal), Solur (Tel.), Solhøve (Sunnhordland). Sol-gisl (geisle, straale) heiter solulven nordanfjells, og Gisl heiter i Ynglingesogo ein av sønine til Visbur, som er meint aa vera solguden Frøy. Han og bror hans hissa den gloheite hunden paa Visbur, og den beit honom i hel. Dette er kann hende fraa det fyrste sogo um solulven som gløyper soli» Etterpaa vart det fæl svult og naud, heiter det. Daa tok dei paa kongen sin, Domalde (= Raider?) og drap han. Finn Magnusson fortel at slike solflekkir fyrst i det 18de aarh. w menes at forkynde langvarig uveir og uaar og hunger for menneskene." J) Sjaa n Danskc Studier" 1905.