Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/54

Denne siden er ikke korrekturlest

46 49. Tri sior-elvar. Vavtrudne fortel fyrst kva som er meint med have. Det er dei tri storelvane som Grimnesmaal 29 gjev namn paa, Kormt og Ormt og Kjerlaug, som vonleg renn fraa himil-tree og lagar himil-have. — Mog trase er kanskje den same som er kalla Mog (mann) i 33, son til Yrne, Trudgjelme. Møyane (døtrane) hans maa vera nornine, som Voluspaa fortel kom fraa Urdarbrunnen, og hadde ein sal der, som daa heiter torp (hus) i Vavtr. Snorre fortel at der var svanur i brunnen ; truleg hadde daa nornine svaneham, soleis kunde dei fara yvir have. Difor er dei og kalla hamingjur, ham-møyar. Hamingje er vanleg namn paa godvette. Dette maa ogso vera meiningi her: dei er godvette, endaa dei er alne i Jøtunheimen. Det dei hev aa gjera i den nye mannaheimen er daa aa hjelpe born fram til verdi. I Faavnesmaal 12 er det tale vin dei nornir som hjelper i naud og forløyser mødrar med sønir. Sml. Sigerdrivumaal 14. Paa Island," segjer M. Moe, fl be tragtes nornerne til dels som magter der gjør den gifte kvinde til moder" Og i det norske eventyr um dei tri mostrane fremstilles — nornernes hjelpsomhed mod kyinden og deres fremme af den egteskabelige forbindelse." Sameleis i tyske og hellenske eventjT (moirune). Barsel-grauten (norne graut paa Færøyane) er vel fraa det fyrste meint som offer til nornine. 51. Vidar (skogmannen) er nemnd her og i v. 53 og i Grimnesmaal og Loketrætla og Voluspaa. Odin var far hans, og Snorre fortel at mor hans var ei gygr som heitte Grid, og at han sjølv var tagall. — Namn som minner um han er: Vidarshov (Heidm ) og Widarsleff i Sverige (Smaaland); Vidars holm (Austf.) og Vistad (Tel.) karm likso snart koma av manns namne Vidar, som endaa er brukt i Ryfylke. Vidar og Vale heiter kongar i svenske folkesegnir. — Paa ein kross i Gos forth i Cumberland stend ein mann med eine foten mot neder kjeften av eit ulvehovud med ormekropp, eine handi held han mot øvrekjeften og bryt han upp, i andre handi hev han eit spjot. Dei meiner dette skal vera Vidar. Like eins er det meint det skal vera han som er framstelt paa ein granitt-stein iei dansk kyrkje (Lime, Falling). Han ligg paa ryggen av udyre og held det i kjeften. Dyre tykkjest halde paa aa eta upp ein mann, som daa skulde vera Odin. — Paa ein gamall vase ser ein Herakles stigande i munnen paa ein kvallisk. Hev sogo um Vidar upphave sitt derifraa? Mode og Magne er sønine til Tor. Det vart ofte sagt um Tor at han var i aasmod, og mod tyder harm. Denne harmen vart manngjord og nemnd son hans aa vera. Sameleis med Magne (den sterke). Gamle gudar karm dei inkje vera. 54. Kva sa Odin i øyra til Balder'} Det karm inkje vera .anna enn voni um at Balder skulde koma att paa einkvar inaaten.