Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/58

Denne siden er korrekturlest
— 50 —

der Odin og Saaga
drikk alle dagar
glade or gull-kjeri.

8.
Gladsheim heiter den femte,
dera gull bjart
Valhall mun vera;
Ropt der krev
kvar ein dag
den vaapndaude valen.

9.
Audkjent[1] er det,
naar til Odin ein kjem,
salhuse aa sjaa;
med spjot er det sperre-lagt,
med skjoldar salen tekt
med brynjur benkir
straadde.

10.
Audkjent er det,
naar til Odin ein kjem,
salhuse aa sjaa;
varg der heng
vestanfor dør,
ørn druper[2] yvir.

18.
Andrimne lèt
i Eldrimne
Særimne sjode:[3]
ovgodt flesk,
men faae det veit
kva einherjar mun eta.

19.
Gjere og Freke
mettar geir-hæve
fræge Herjafar;
men av vin einast
vaapen-gjæve
Odin alltid liver.

20.
Hugin og Munin
kvar morgon flyg
yvir verdi vide;
eg fæler for Hugin
at heim han ei rekk,
endaa meir eg ottast for Munin.

21.
Tund tyt,
Tjodvitnes fisk
uner[4] i elvi;
strid gjeng aai,
ho ov-tung tykkjest
aa vada for val-kjempur.

22. Val-grindi ho
paa vollen stend,
heilag for heilage led;
forn er den grindi,
men faae det veit
koss ho i laas er luka.

23. Fem hundrad dørar
og fyrti til
eg trur det i Valhall mun vera;
gjeng aatte hundrad einherjar
i senn or eine døri,
naar dei fèr og vargen skal vega.

  1. Audkjent, lett aa kjenne.
  2. Drupe, (Tel., Num., Hall.) hange, bøygje seg ned. V. 11—17 og 24 (innskot) kjem etterpaa.
  3. Sjode, koke.
  4. Uner, likar seg.