Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/82

Denne siden er korrekturlest
— 74 —

 
40.
„Seg meg det, Skirne,
fyrr du sålen legg av
og fram gjeng eit fèt,
kva du hev idka
i Jøtunheim
meg eller deg til mun?“

Skirne:
41.
„Barre heiter,
som baae me veit,
lunden still og logn;
um nætar nie
der Njørd sin son
av Gjerd fær gaman.“

Frøy:
42.
Lang er natt ei,
lenger er tvo,
koss kann tri eg trøyte?
Ofte ein maanad
mindre tottest
enn halve hi natti som fór."


Frøy (herre) er gudehovding og styrer folk (Ulv Uggeson). Han er (etter Snorre) drotnen yvir sviane, ja gud yvir heile verdi, den aagjætaste av æsine; han raader for regn og solskin. Han er aargud; dei bad til Frøy um godt aar og fred og velstand. „Han vart so mykje meir dyrka enn hine gudane, som landsfolke i hans tid vart rikare enn fyrr, av freden og dei gode aaringane.“ I hans tid raadde „gullalderen.“ Han er den beste av alle djerve gudar, løyser lekkjur og veld inkje nokon sorgir (Loketrætta). Gilde og gaman var „Frøys leik“. Han vart kalla den frode[1] (vise). Vaning[2] heiter han v. 37, av di ætti hans var kalla vanir.

Frøy er i Skirn. eigar til ring og eple og hest og sverd og Lidskjalv. Sidan tok Odin velde fraa Frøy og vanine.

I norske gardsnamn finn ein Frøy meir enn dubbelt so ofte (yvir 60 gongir) som noko anna gudenamn.

Um Frøy sitt syn fraa Lidskjalv minner steve noko:

Eg sat meg ut paa Gladheims-berge,[3]
saag meg ut so vide.
Gjenta leika i hugen min
som spunni gulle det fride.

Alle heimar. Dei heldt det for aa vera nie heimar (sjaa Vavtr.).

Skaale tyder no vanleg skur (vedskaale), men var i gomol tid namn paa stogo.

Skirne (av skir, skirne[4]), sendemannen til Frøy, som Snorre segjer, han som hadde vori i lag med solguden fraa

  1. I sogune um kong Frode hjaa Saxo er det mange mytar um Frøy.
  2. Elles galtenamn hjaa Snorre, liksom Frøy ogso er uksenamn. Frøy var vel fraa fyrst tenkt aa hava ukse- eller galteham, sidan vart gull-galten (Gullborste) hjelmen hans.
  3. So heiter eit fjell vest for Rollag i Numedal.
  4. Roti finst i fleire namn: Skirna, elv Bynese, Skirn elv i Aa N. T. Skir-aa Rom. o. fl.