Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/88

Denne siden er ikke korrekturlest

80 bjørk; elles er hasl eller hegg det vanlege. Helst skal det vera kluft paa staven 1); i Hardanger og andre stadir skal han vera bein, men so mjuk at dei karm bøygje han. Runir gjer trolldomen sterkare. Ein slik trollstav skal ein taka naar det er fullmaane, fyrr soli sprett, av unge renningar. Trui paa trollstaven hev funnist i mange land, og ho finst endaa. 32. Rimgrimne. Grimne (han som gjeng med grime, maske, som gjer seg ukjenneleg) er namn paa Odin (Grimnes maal). Snorre fortel at fyrr Odin vart storgud var han med rimtussane. ... .... Med tre-røtar tenkjer sume paa Yggdrasil, som hadde ei av røtane sine i rimtusse-heimen. Det trihovda trolle (v. 31) er vel Rimgrimne. Grimen kallar Torekalls-visa det trolle som hev stoli hamaren fraa Tor. So heiter og ein jutul i Hardanger. (SmL fossegrimen). Ein fjord paa Helgeland heiter Grimen. Aasa-kulten er Tor. Suttung er ein rise. Sjaa Haav. 103. 36. Tuss 2) er namn paa ein rune-bokstav. Erge (argskap) og øde (galskap) og utole vil runine hava til verknad. Runine hev eit gotisk folk laga etter græske og latinske bokstavar; Dei eldste norske rune-innskriftir er fraa ikr. 400. 37. Staup. Rimkalk stend det; meint er vel eit staup av glas, eller og at det er frode paa mjøden. Kalk er fraa fyrst eit latinsk ord. Kann-hende ordi hev fylgt med glasskaaline (av framandt arbeid) som finst alt fraa den eldre jarnalderen. (Eit drikkehorn av glas er ogso funni i Norig). 39. Barre (Barrøy hev Snorre) av barr, som tyder anten korn (barlaag) eller barnaalir, eller ogso tre eller bjelke, gjerde (berling). Daa det her er ein lund som heiter Barre, kunde ein tenkje paa ein furulund. Men lund tyder ogso tre, sameleis, bar i Fjølsvinnsm. um Mimetree. Bare-asken (paa Bare-berg) paa Gotland var grøn heile aare og heilag. Er her meint himil-tree? Barøy finst i Skotland (paa Hebridane), iFinnaas, Sulen, A a (S. T), Lødingen (Nordl.) Barholmen i Askvoll, Barskjere paa Nordm. Barsnes i Sogndal og Askvoll. Barlund i Lom. Bare (Barra 1663, Bared,. vonleg = Bareid) Agdenes, ogso i Aukra (Romsd.). Elles: Barbogen, Barbu, Barbøl, Bardal, Barland, Barre stad (Sogndal), Barvik. ," .'... 42. Lang er natt. Um Lusi-natti heiter det: Lusi-natti er lang", og so vert det svara: ho er som tvo". ») Soleis ogso die wunschelruthe og den gyllde staven til Hermes. s / Um rune-teikne Tuss heiter det i den norske runesongen fraa ikr. 1200: Tuss drep kvende-kjæte, kur fylgjer ille læte.