Side:Folkevennen 1860.djvu/474

Denne siden er godkjent

trøste Eder ved, at I tjene Herren selv; thi da udrette I hans Villie, og kunne gjøre Eders Arbeide med Glæde, ikke sukkende. Da ville I ogsaa faa et glædeligt Nyt Aar, et Aar, der vil bære Frugt for Evigheden, om det end her paa Jorden skal være fuldt af Savn og Møie. Ja, Herren være hos os Alle i det nye Aar i Jesu Navn!





Faderen.
(Af Bjørnstjerne Bjørnson.)
Oversat af en Dame.

Dan megtugaste mann i dat prestegeld, som her skal forteljast um, heitte Thord Øvreaas. Han stod ein dag i stova til presten, høg og aalvorsleg: „eg hever fenget ein son“, sagde han, „og vil hava honom yver daupen“. — „Kvat skal han heita“? — „Finn etter fader min“. — „Og faddrarne“? Dei vordo nemnde og vaaro daa dei beste karar og kvinnor uti bygdi av mannens ætt. „Vil du eljest nokot“? spurde presten, han saag upp. Bonden stod litet: „eg vilde gerna hava honom døypt fyre seg sjølv“, sagde han. „Dat vil segja paa ein kvardag“? — „Ja Laurdaug som kem, 12 middag“. „Vil du eljest nokot“? spurde presten. „Eljest vil eg inke nokot“, bonden snudde paa luva, som vilde han ganga. Daa reiste presten seg: „enno detta likevæl“, sagde han og gekk like burt aat Thord, tok handi hans og saag inn i augo paa honom: „geve Gud at barnet maa verda ei vælsignelse aat deg“.

Sekstan aar etter dan dagen stod Thord i stova til presten. „Du held deg godt, du Thord“, sagde presten, han saag inke skil paa honom. „Eg hev inga sorger helder“, svarade Thord. Aat detta tagde presten seg, men ei stund etter spurde han: „kvat er ærendi di ikveld“?