„I kveld kem eg fyre sonen min, som skal konfirmerast i morgon“. — „Han er ein næm gut.“ — „Eg vilde inke betala presten fyrr eg høyrde kvat nummer han fekk paa kyrkjegolvet.“ — „Han kem paa numer 1“. — Eg høyrer detta og her er 10 dalar aat presten“. — „Vil du eljest nokot“? spurde presten, han saag paa Thord. „Eljest vil eg inke nokot“. Thord gekk.
Aatte aar leid tidi fram atter, og so vardt dat ein dag høyr eit staak framfyre stova til presten; fyre tio menner komo, og Thord fyrst. Presten saag upp og kende honom: „Du kem mannsterk ikveld“. — Eg vilde have lysning fyre sonen min; han skal gifta seg med Karen Storlidi, dotter til Gudmund som her stend“. „Detta er nog dan rikaste genta i bygdi“. „Dei segja so“, svarade bonden, han strauk upp haaret med dan eine handi. Presten sat ei stund som i tankar, han sagde inke nokot, men skreiv namni upp i bøkerna sina og mennerne skrivo under. Thord lagde tri dalar uppaa bordet. „Eg skal bere hava ein“, sagde presten — „Veit dat nog; men han er einaste barnet mitt; vilde gerna gera dat væl“. Presten tok imot pengarne. „Dat er tridje gongen du stend fyre her fyre sonen din no, Thord“. — „Men no er eg ogso ferdug med honom“, sagde Thord, lagde lumeboki si saman, sagde farvæl og gekk, — mennerne langsamt etter.
Fjortan dagar etter dan dagen rodde fader og son i stilt vedr yver vatnet til Storlidi fyre aa tala um bryllaupet. „Dan tosta lig inke stød under meg“, sagde sonen, og reiste seg fyre aa leggja henne til rettes. Med same skrid dan tilja han stend uppaa; han slær ut med armarne, gever eit skrik og fell uti vatnet. — „Tak i aari“! ropte faderen, han reiste seg upp og stakk henne ut. Men daa sonen havde gjort eit tak elder tvo, stirdnar han. „Vænt litet“, ropte faderen, han rodde burtaat. Daa velt sonen bakyver, ser langt paa faderen — og sekk.