Side:Folkevennen 1862.djvu/571

Denne siden er ikke korrekturlest
567


Høvdingarne i Noreg vaaro myket stride og einviljuge, so dei vilde berre søkja sit eiget Gagn paa kvar si Vis, og ingi Sak skulde ganga fram, naar ho inkje var til Lags aat deim, um ho endaa var nog so god og rett; dei tenkte inkje paa alt Riksens Gagn, men meinte, at dei skulde faa raada so som dei vilde i den Landsluten, dei hadde Vald yver; dei sette seg gjerna imot Log og Rett og imot Ko- nungen, naar dei derre torde. Olav Konung vilde læra Høvdingarne aat halda nokon Maate; han vilde setja Log og gjera Rett og god Skipnad i Riket og verka meir Samhald han vilde fremja Kristendomen so myket som mogolegt var, og for og hardt fram med di. Fyre alt dette lagde Høvdingarne Hat aat Olav Konung. Daa Konungen tenkte aat fremja Kristendomen vest i Landet, so forbaud han Folket der aat selja Korn til Folk nord fraa Landet, at det inkje skulde vanta Mat aat Mannstyrken hans, naar han kom der vest. Ein veldug Høvding i Helgaland var Aasbjørn Sigurdsson paa Trondarnes. Han var i Ætt med Ærling Skjalgsson, med Høvdingen Tore Hund og andre Stormenner. Han var van til aat halda store Veitslor; men i Uaari vardt det forlitet Malt aat bonom; og han for til Erling Skjalgsson og vilde kaupa seg Korn. Erling torde inkje selja sjølv; men han sagde: „Du kann kaupa Korn av Trælarne mine, fyredi dei ero inkje i Log og Landsrett med andre Menner.“ Soleides fekk Aasbjørn seg Kornfarm; men daa han siglde nord etter, so lagde han aat Land fyre Kongsgarden Agvaldsnæs. Der hadde Kongen ein Aarmann (elder Gardsdrivar), ein Træl heitte Tore Sel; han gjekk ned til Skipet med 60 Menner og bad Aasbjørn ganga paa Land med Mennerne sine, medan han fekk rydja Skipet. Daa tok Tore ifraa honom all Farmen og endaa Seglet og gav honom eit gamalt Segl i Staden, „det er godt nog aat deim, som skal sigla paa lett Kjøl, „ sagde han. Aasbjørn vardt hardla vreid og harm i Hugen fyre detta; Skaden var stor, men Skammi verre. Han siglde no heim; men sidan siglde han sud til Agvaldsnes atter og gjekk eine upp i Garden. Daa var Konungen der; og Aasbjørn stod i Utstova og høyrde paa di, at Tore skrøytte fyre Konungen av detta Verket. „Graaten stod i Halsen hans, daa eg tok Seglet,“ sagde Tore. Daa rende Aasbjørn inn og sagde: „No ber eg