Side:Forsberg,Ingvald-Moglunten-1919.djvu/69

Denne siden er korrekturlest

Han kunde ju få den æra og gleda å skryte ay at han hadde rodd ein vinter ilag med Moglunten og lært han folkeskikk!

Det drog seg opp til ein vond og stygg flir i andletet på han Kristian. Han mulla noko om, at han hadde berre ei sjel og ei skjorte, og det sette han gladleg på spel, når han berre kunde få sjå ein viss kar bleikne i fleisen. — —

Med kalde auga såg han utover fjorden, der harde austanvinden taut og song og båra i bratte brot frøste, på veg mot leia og store havet. Der ute skulde dei freiste ein leik. Der kjende han seg annleis sterk og trygg enn her i tronge fjorden, der sleipe kviskretonan’ alltid fyllte lufta.

Jau, Vikaprinsen rodde seg nok godt til. Han var vel sikker i si sak. Men det kunde vere at han hadde forrekna seg litegrand — med mea, — at han ikkje kom fullt så godt ifrå denne roren som han meinte. — — —