Men då sjøen ein gong stillna, så var fisken
komen heilt opp-i fjæresteinan’. Det vart eit
brotfiske i mars, og dei reiste heim med fine
lottar. — Kann hende var det nett denne harde
og langvarige åtfallvinden som trongst til å
skysse fisken lenger oppåt. Vårherre som
styrde ver og vind, og ikkje gløymde nokon av sine,
hadde vel ei meining med dette og, meinte han
Lars i Dalen, den gamle halskaren hans Jonas
Jensa. Det var berre om ein hadde tru og
tålmod til å vente til hans tid kom. Det hadde
mang ein gong set likså mørkt ut som i år, men
det hadde likevel blitt ei råd. Å ga og banne
seg svart og sjuk på veret, slik som mange
vetlausingar gjorde, det var å legge synd på synd.
Reknskapen vart tung nok å klare på den store
dagen om ein ikkje bar seg såleis åt. For banna
ein veret og vinden, banna ein også Vårherre
som stod attom og skifte alt etter som han
fann best og mest tenleg for menneskja. Men
det var ikkje anna å vente enn synd og galskap
når folk tok til å gå ledige og slenge, slik som
ungdomen no så gjerne vilde i landlega. Når
det ikkje var sjøver, var det anten å slite på
koitela, reke på været eller daske med
kortstokken. Noko handarbeid såg dei ikkje på. lkkje
så mykje dei sette seg ned og smia seg eit par
klompar ein gong.
Gud bevare oss for ei slekt som vaks opp!