gelegt fyre Mannen at treda fram fyre Gud i Syndaklædnaden sin, som det er fyre Jordi at lyfta seg til Himmels, som det er fyre kvart at verda kvitt. Gud er den heilage og reine, han toler inkje annat enn heilagt og reint i Nærleiken sin. Korleides skal me daa kunna verda frelste, korleides skal me kunna verda heilage og reine, naar me inkje duga til detta sjølve? „Ottest inkje, sjaa eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad født dykker ein Frelsar.“ Me hava soleides funnet ein Frelsarmann, som vil taka paa seg alle Synderna vaare, sona fyre deim og so gjera oss heilage og reine. Men kvat kann detta vera for ein Mann, som stend so høgt, at hans Soning kann vera fullgod fyre heile Mannaætti? Han lyt fulla vera Mann, for annars kunde han inkje sona fyre Mannaborn, men han lyt og vera meir enn Mann, for annars kunde han inkje sona fyre alle Mannaborn. Kven er han daa denne Frelsar? Han er „Kristus, Herren,“ segjer Teksti oss. Kristus er det same, som paa Jødamaalet heitte Messias, han som var lovad Jødarne ved Abraham, han som var lovad alle Folk ved Adam, daa det vardt sagt, at Kvendeavkoma skulde krasa Hovudet paa Ormen. Denne Messias verd alt i den gamle Pakti kallad Guds Son. „Du er min Son, eg fødde deg i Dag,“ let David Gud Fader segja til honom i den andre Salmen. Han er soleides Herren, Herren yver Himmel, Herren yver Jord, Herren yver Liv, Herren yver Daude, Guds Einberning. han er sann Gud og sann Mann, som Luther segjer i Ty-
Side:Frelsaren.djvu/8
Denne siden er korrekturlest