Side:Frelsaren.djvu/9

Denne siden er korrekturlest

dingi til andre Artikelen. Og dette at han var sann Gud og sann Mann, synte han gjenom heile sitt Liv hernede. Han lækte ulækjande sjuke, han uppvekkte daude, han vardt forklaarad paa Berget, han gjekk paa Sjoen, han stilte Vinden, han gjorde uteljande Underverk, han hadde Magt og kalla fram heile Englaheren — kven annan kunde gjera detta enn sann Gud? Og han var sann Mann. Han var Kjøt og Blod, han aat og drakk, han gret og bad, han leid og stridde som alle andre Mannaborn — kven annan kunde detta enn sann Mann? So vardt daa denne Kristus, Herren, som Engelen kunngjerer oss i Dag, vaar dyre Frelsarmann fraa Synd og fraa Daude og Satans Rike. Korleides vardt han no detta, og kvat var det, me maatte krevja av ein, som skulde vera Frelsarmann fyre oss? Jau me maatte krevja tri Ting: han laut lida, han laut læra, han laut sigra.

Han laut lida. Ja for annars kunde han inkje frelsa oss. Paa Syndi fylgjer Straff, og me hava alle syndat. So laut han daa lida denne Straff, som er Dauden. Heve han daa lidet Dauden? Ja myket meir. Han heve lidet fyre vaar Skuld, alt fraa han saug det fyrste Andadraget i Krubba i Betlehem-Stallen. Han vardt forfylgt og etterleitat alt som Sogbarn, so Foreldri laut fly med honom til Ægypti Land. Daa han vardt vaksen, vardt han paasett baade av Djevel og Mann. Djevelen freistad honom i Øydemarki og vilde hava honom til at svika si Frelsarærend og selja Mannaætti til seg fyre Gods og Gull. Mannen freistad