Side:Fylgjesvennen.djvu/10

Denne siden er korrekturlest

Gaava til at leggja ut Gudsordet fyre andre, alt det dei kann vera like so gode Kritne. Nei at vitna um Gud i Ord er at tenkja paa honom og hava honom i Hjartat stendigt og vigja all i Gjerd med Bøn, Morgon, Middag og Kveld; det er at ala Borni sine upp i Gudsfrygt, leida deim tidlega burt aat Kristus og fortelja deim um honom og Riket hans; det er at takka fyre alt, det gode som det vonde, at tru fullt og fast, at alt om hender skal tena deim til godes, om elska Gud, og vitna um detta fyre Gud i Bøn. Og heve du so Hug og Trong til at faa lesa i Bibelboki i Lag med andre og samsnakkast med deim um Gud og hans Rike, so er det no inkjevetta at segja paa det. Du heve no alltid ei sopass Kvilestund, at du kann faa Grannarne elder Vinerne dine saman til ei Husandagt elder so. Og endelega, det at vitna Jesus Kristus i Ord, det er at svara fyre seg og lydt, naar ein verd spurt, at ein er ein Kristen og vil fara aat som slik ein, um so Keisar og Pave og Allverdi trod fram og trugad med Hogg og Slag, aldri vera rædd og krjupa i Kraa, men ganga ved, at ein elskar Jesum meir enn alle Ting, og „veit inkje til Frelse utan Jesum Kristum og honom krossfest,“ netupp soleides som Stefanus gjorde, daa Jødarne slog honom i Hel.

Det er inkje lett detta at vitna um Jesum i Ord, kjære Viner. Ein kvider seg ofta fyre at bera Jesu Merke paa Bringa si. Ein vil gjerna tegja, naar Born av denne Verdi spea og spotta Namnet hans, og ein blygst fyre at gjera si kristelege Skylda, av di