Side:Fylgjesvennen.djvu/15

Denne siden er korrekturlest

inkje her nettupp det at vera sjuk, at mista Gods elder Born elder Kona, endaa det er hardt nog detta; men det finst andre Trengslor, som er langt verre, og det er andlege Freistingar og andleg Strid. Naar det stundom kjem smjugande ein Tvil i Hjartat, um du no og i Røyndi vil verda sæl, naar du skjelv fyre Guds Andlit i Anger og Rædsla og berre for Myrkr kringum, naar du lyt stynja med den heilage Songaren: „Frels meg Gud, for Vatn gjeng alt til Saali. Eg er sigen i djupt Dy, og det finst inkje Fotefeste, eg er komen i djupt Vatn, og ein Straum bryt yver meg. Eg heve ropat meg trøytt, Barken min er haas; Augo mine ero upptærde, medan og ventar paa min Gud,“[1] — ja daa er det vel Trengsla.

Og naar du kjem full av glad Tillit og vedkjenner deg det dyre Jesu Namn, og so berre møter Laatt og Spott, naar Folk kalla det fyre Daarskap at tru slikt nokot, naar dei inkje vil gjera Lag med deg, av di du er ein rett Jesu Fylgesvein, og du tapar baade Æra og Gods med at vera trufast — jaa daa er det vel og Trengsla.

Og naar du verd ribbat so naken so naken baade paa Sall og Kropp, som Job vardt det, daa han miste alt han aatte, laag i Verk og Saar og korkje fekk Trøyst hjaa Viner elder Viv, so han laut segja: „naken kom eg or Moderliv, og naken skal eg atter fara dit,“[2] naar detta hender deg, alt det du heve trutt og bedet so hjartalegt all di Tid, og du so attpaa er nøydd til

  1. Salm. 69, 2. 3. 4.
  2. Job. 1, 21.