draup paa Jordi. — Du møter Spott og Haad, lyt tola Slengjeord og torer inkje gjengjelda, — han endaa meir. Han, som var Guds Son, laut tola Mistak og Vantru av Vinerne sine, Spott og Reising av Uvinerne. Han som, kvat Tid han vilde, kunde ropa Herar av Englar til Hjelp, han laut lata seg slaa og hudflengja og krossfesta av vesalt Mannakrek, som han var komen til at frelsa. — Du er arm og fatig som Himmelens Fugl, han var endaa fatigare. Han, som aatte all Verdi, som alle Ting er skapte ved, han hadde inkje det, som han kunde stydja Hovudet til.[1] Du lyt hata Fader din og Moder di elder Syster og Broder — han laut endaa meir. Han laut kasta ut den Branden, som skulde kveikja paa denne Eld av Hat i Verdi. Han segjer: „de skulo inkje meina, at eg er komen til at senda Fred paa Jordi; inkje er eg komen til at senda Fred men Sverd. Di at komen er eg til at setja Mannen upp mot Fader sin og Dotteri mot Moder si og Brudri mot Bermoder si, og Uviner av Mannen skal Huslyden hans vera.“[2] Fyrr hava alle livt i syndug Trygd, no er han komen, som kallar alle til seg, og dei som koma, maa soleides riva seg lause fraa den synduge Verdi, endaa til fraa sine nærmaste, naar desve er synduge. Tenk at maatte segja detta og det berra av Kjærleike, for ei Trengsla maa inkje det hava voret! Ja kjære Viner, det er umogelegt at sjaa Botn i Jesu Trengslor fyre vaar Skuld, skulde daa inkje me den Stundi, me bu hernede, lida med Tolmøde. No maa inkje detta
Side:Fylgjesvennen.djvu/17
Denne siden er korrekturlest