Side:Fylgjesvennen.djvu/8

Denne siden er korrekturlest

enda med, og den skal du hava i Hjartat ditt og paa Tunga di stendigt heile Livet igjenom. Men skal eg daa fara ut paa Gator og Vegjer og preika Kristus? elder skal eg treda fram i Kyrkja elder Samlingshuset og halda Møte? elder skal eg gjera, so som mange i vaare Dagar, fara ikring fraa Bygd til Bygd og preika og halda Bibellesingar? Nei du skal inkje gjera nokot av alt detta, med minder du dertil heve fenget eit ferlegt Kall, og Menigheiti heve kravt det av deg. Det er mange i vaare Dagar, som er gripne av slik utidig Vitnelyst, at dei inkje hava Ro paa seg, fyrr dei kann faa treda fram offentleg og preika fyre ei heil Mannamengd. Og so preika dei solenge fyre andre, at dei ofta gløyma at preika fyre seg sjølv um Audmykja og ei stillvori Tru. Detta kann no slett inkje vera rett. Og naar no desse reikande Predikarar endaatil, som det stundom hender, stemna til Møtes, utan at Presten veit um det elder samtykkjer, so maa det no vera reint galet daa. For detta verd inkje annat enn at freista at lokka Menigheiti fraa Presten, og skipla istadenfyre at skipa. Det maa no ogso vera reint at mistyda Guds Ord detta at tru, at ein er ein betre Kristen elder vitnar um sin Gud meir rettelegt, naar ein kavar med at faa i Lag Uppbyggelsar og sovoret, og renn rundt paa deim, naar ein kann koma seg til, paa same Tid, som ein dermed vanskipar og vansteller Huset sitt og Borni sine. Til deim, som tru at tena Gud paa den Maaten, vil eg segja, at dei tente Gud betre med at arbeida paa Marki elder sitja med Rokken sin. Og den som trur, at Kyrkja,