Side:Gamalnorsk ordbok - med nynorsk tyding (Hægstad og Torp, 1909), fram til side 19.pdf/14

Denne siden er ikke korrekturlest

trøndsk og vestlandsk. Denne maalformi, som synest uppkomi i Bjørgvin, kanskje fyrst i kongsgarden og i samanheng med arbeidet paa ei sams logbok for heile landet, hev gjort mykje til aa jamna ut diplommaalet og logmaalet i det 14. hundr. paa alle kantar av Norig[1]. Det er difor oftast vandare aa skilja ut maalføret i eit skriftstykke fraa tidi umkring 1350 enn fraa 1250, naar det ikkje nettupp gjeld islandsk, som paa denne tidi (1350) hev fenge so serskild ein maksel, at det er klaart utskilt fraa dei heimenorske maalformer.

So er det dessumfram merkande at dei fleste handskrifter me no hev atter fraa gamalnorsk tid, er avskrifter etter eldre upphavsskrifter som er burtkomne. Dei gamle avskrivarar hev ikkje alltid gjenge fram paa same maaten med umsyn paa maalet i avskrifti. Sume hev fylgt fyreleggi nokolunde nøgje, det vil segja so nøgje som me kann venta det i ei tid utan grammatikalsk rettleiding. Eit døme paa slik avskrift er den tridje handi i den gamle norske homilieboki, som hev skrive av tvo stykke, eit paa rygsk og eit paa trøndsk maalføre[2]. Men dei fleste avskrivarar i eldre tider hev snutt maalformi i upphavsskrifti um til sitt eige maalføre so godt dei kunde. Paa dette er der so mange døme at me kann segja, at ei gamalnorsk avskrift oftast syner fram maalformi til avskrivaren.

Med dei upplysningar me no hev um dei gamalnorske maalføri, kann me skilja millom tvo store maalgreiner:

I den austnorske maalgreini i det eigenlege Trøndelag og paa Austlandet; 11. den vestnorske maalgreini, som alt i mykje gamall tid kløyvde seg i tvo hovudgreiner: A. den nordvest i an d s k e greini i Romsdalen, Sunnmøre, Nordtjord, Sunnfjord og Ytre Sogn; B den s u dvestlandske greini i Vest-Norig (Indre Sogn, Voss, Horda land, Hardanger, Rogaland, Agder, Robyggjelag, Setesdalen og Vest Tele mark) og paa Island, Færøyarne og Hjaltland, venteleg ogso i dei andre norske nybygder i Vesterhavet. Me vil no umhandla kvar av desse greinerne for seg. I. Den austnorske maalgreini. Denne greini skil seg mest ut ved det, at der er inkje (eller lite) Ijodbrigde av a ved u naar u stend i næste staving (mannum, kallaVum), og at der er ljodsamhøve (vokalnarmoni) millom endingsvokalarne e, i, o, u og den vokalen som stend i stavmgi fyre [syni, dat. sing. av sunt m, ikkje syne; fate, dat. sing. av fat n., ikkje fah). Me set hit ei prøva av den eldste austnorsk, soleis som han vart skriven i Trøndelag umkr. midten av 12. hundr. Prøva er eit stykke or ei legendebok, som det no berre er 3 blad att av. Til samanlikning med maalformi prentar me av same stykke attmed paa det normalmaalet som Gamalnorsk ordbok brukar. Or Blasius soga. Trøndsk, umkr. 1150. (Etter hdskr. Am. 655 IX qv.)***). Med vanleg rettskrivning. på gekk sjalfr drottinn yfir sjo berfættr {>a gec siallfr drotten ifulr sio bærfætr 1) sva sem a lande, ba es han vas licamr Oc sva sem d landi, på er hann var likamr, ok bauis han petro postola sinum at ganga å baiå han Petro jwslola. sinum at ganga dyd

  • yver a stend aksent.
      • ) Facsim i Talæogransk Atlas, udg- af kommissionen for det arnam. legat, Kbh. 1905, no. J. Ugso

prenta i Heilaga manna sogur, ndS . af O. R. Unger, Christiania 1877. I, R. 2G9™-->70.,.

  1. Sjaa Maalet i dei gamle norske kongebrev. Vidensk.selsk. skrifter. Hist.-fil. klasse 1902 no. 1.
  2. Prenta i Ungers utgaava av Gammel norsk homiliebog, sid. 202—213.