Side:Gamalnorsk ordbok - med nynorsk tyding (Hægstad og Torp, 1909), fram til side 19.pdf/5

Denne siden er ikke korrekturlest
Fyreord.

Fyremaalet med dette arbeid er aa gjeva deim som hev hug til aa gjera seg kjende med den gamle norske bokheimen ei lettvint og billeg ordbok. Dei tvo mest bruklege ordbøkerne, dei av Fritzner og Vigfusson, er baade tungvinte og kostesame for aalmenta. Det er sjølvsagt at naar me skulde naa dette fyremaalet, laut me staka upp ein serskild veg. Boki skulde paa den eine sida vera stutt, men likevel so heilsleg som mogeleg med umsyn paa innhald; umsetjingarne og forklaaringarne laut difor verta so faaordige som raad var. Lange utgreidingar turvtest ogso mindre her, med di nynorsken i so mange høve hev dei same ordi enno. Citat og tilvisningar fann me òg at me kunde gjeva avkall paa ved alle dei ord som fyrr er citatfeste i ordbøkerne av Fritzner, Vigfusson, Egilsson og i Hertzbergs Glossar til Norges gamle love. Finnestad er merkt berre ved ord som her for fyrste gong er uppførde i ordbok, eller der ei onnor tyding av ord eller samanheng er framsett, eller andre avvik er gjorde. Paa denne visi vil ordboki, som sjølv sagt i det store og heile er bygd paa dei fyrre ordbøkerne, vera til nytte ogso for vitskaplegt studium. Ordboki er meint paa aa gjeva berre det gamalnorske ordfanget, ikkje det millomnorske. Soleis er av heimenorske skrifter og brev berre dei medtekne som er fraa tidi fyre 1350[1] Med den islandske bokheimen maatte me taka det noko annarleis, av di mange gamle sogor berre er funne i seine avskrifter, og dei laut daa likevel vera med. Av poetiske ord er alle fraa Den eldre Edda medtekne og hovudordi utanfor, derimot mykje sjeldan samansetningar og kjenningar. Av sernamn hev me teke upp slike namn paa framande stader og folk som kunde vera vande aa kjenna att, og dessutan dei vigtugaste i norderlandi. Av tilnamn og utnamn er berre eit faatal medtekne, helst ord som hev ei klaar tyding og som ikkje elles finst i gamle kjeldor (t. d. bláber). Elles er boki vorti noko ujamn med di at helst i dei fyrste hefti er sume klaare og lett skynande samansetningar ikkje medtekne; soleis er ikkje medtekne alle samansetningar med aðal-, al-, all-, half-, jafn-, og sjølvsagt ikkje alle med ú-. Rettleiding til umsetjing vil ein i slike høve finna under fyreleden. I umsetjingi er i dei høve der ny-

  1. Dr. Hjalmar Lindroth, som hev gjeve ei nøgi melding av dei fyrste tri hefti av ordboki i Arkiv for nordisk filologi XXV, synest ikkje ha gaatt denne planen, med di han finn lyte i det at mange ord fraa Dipl. Norv., Aslak Bolt osfr. ikkje er medtekne. Dei er ikkje medtekne av di dei er millomnorske.