Side:Garborg - Bondestudentar.djvu/6

Denne siden er korrekturlest
2

Guds Æra? og skulde me vera mindre kvike til aa prisa Gud enn dei ufornuftige Fuglarne? So laut heile Huset upp i den graae Otta for aa lova og prisa Gud, og dei Smaae stod elder sat ved Bordet og halvsov og smaafraus og song, so godt dei kunde. Men det hende, at vesle Judith greet, naar ho var altfor svevnug. Daa vart Ole Johannes paa eigne og Vaarherres Vegne vond, og syngjande av full Hals bøygde han seg ender og daa framyver Bordet og kneip Judith i Øyrat. Tagnad ho daa ikkje, so fekk ho Stryk etter Bøni, naar Ole Johannes hellest hadde Stunder; for ein skulde prisa Gud med glad Hug og ikkje graatande, som Luther sagde. Slikt hadde hendt for vesle Daniel og meir enn ein Gong; men no var han for stor.

Naar Salma var songi, las Ole Johannes Bøni i Salmeboki og dessutan stundom eit Stykkje i Skattkista; for Ole Johannes var god til aa lesa. Deretter bad han Fadervaar og Herren velsigne og bevare dig. Det var ikkje altid, at Salma av Kingo høvde til Stykket i Skattkista; men det gjorde det same; for det var Guds Ord alt, og Guds Ord hadde ein altid godt av aa høyra.

I Dag raakad det hellest so til, at Salma og Teksten høvde godt ihop. Dei gjekk baae ut paa, at me ikkje skulde syta for Mat og Klæde, daa Vaarherre sjølv vilde syta for alt slikt. Fødde ikkje Gud Sporven paa Taket og Lilja paa Marki, endaa dei korkje saadde elder spann, og var ikkje me mykje meir enn dei? Skattkista minte tilslutt um Enkja i