Eg var hard. Eg hadde vore i
Nedgangsskulen og herdt meg. Hjaa
Trollmennerne var eg, dei som reknar
ut Verdi og fær Jarn til aa fljota og
sigler med sjølvgjord Bør og talar tvers
yvi Have; deira Visdom lærde eg, og
eg vart hard. Men det var dyrt;
Sæla tok dei av meg for Visdomen
sin; og daa eg hadde lært Livslovi:
Magti raar, kom Gud burt for meg.
Og det slokna i meg og kolnad; og
Verdi vart som eit tomt Hus der ingen
bur. Men eg lo og kjende meg fri;
og sidan trampa eg ned ikring meg
som dei andre.
Og eg var hjaa Trollhekserne, dei som kverver Syn og vender Hug, og tryller Menn og syg Sjæli or dei i blodige Næter. For i Hugen min brann det av Uro og heit Lyst som eit Helvite; og Verdi var tom, og eg maatte røyna Live til Botnen og til Bermen. Og alt det dei visste og kunde av Ørske og Trollsæle lærde