«Alle Meiningar ja. Fri Diskussion.
Mot og med. Største Assortement i
Meiningar og Livssyn. Usæle de
Bladfolk, som interesserar Dykk for alt og
rører ihop alt, og gjev oss tri Livssyn
for Dagen og tie Lygner og tjuge
Hende og Uhende, men tek Ettertanken
fraa oss! Gakk heim til din Handel,
Far, og din Vertskap, og skjenk ut
dine Sensationsdrammar; men lat
aalvorsame Ting vera i Fred. Farvel!»
Daa Bladmannen var ute sagde eg: «du var uhøfleg.»
«Aa,» jamra han, «denne stygge Bladlus i Herrens Vingard! all Saft og Kraft tærer ho upp. Kven kann lesa lenger; kven kann halda fast paa ein Aalvors Take; kven hugsar eit sterkt Ord fraa i Gaar til i Dag! Dei vaskar oss ut. Alt gjeng i eit, Jugl og Sanning, Moro og Mord, Kyrkje og Cirkus, Manndom og Tjuvekunster; alt er godt som driv Tidi, og alt er gløymt naar