Side:Garborg - Burtkomne Faderen.djvu/72

Denne siden er godkjent


Og ikkje noko sjukt finn eg hjaa han. Det stend ingen Kaldhjelm av han, og ingen Utòkke. Han hev eit godt Fylgje med seg; eg vert rolegare naar han kjem. Og eit godt, jamt Huglag hev han; der er inkje Ov-ekse eller Mislynde. Heller noko avdøyvt og stilt, som etter Sorg og tung Røynsle. Men han hev røynt mykje. Og misst mykje.

Men seint vert eg trygg. For det er mange Merke paa Galenskap, men ikkje eitt visst Merke paa Vit. So at knapt finst det ein Mann som ein ikkje kunde leggja lam berre med aa segja høgt: han er galen.

Eg sagde til Bror min: «no skal du segja meg den rette Grunnen til, at du gav burt din Eigedom.»

Han smilte og svara: «Du trur meg ikkje. Men eg maatte. Verdi hadde Tâk i meg. Eg fekk Magt. Det sanka seg Mengd um meg; og Vénerne mine raadde snart Bygdi. Og eg